Næringsstruktur, befolkningsstruktur og folketalsutvikling i Nordre Nordhordland, Gulen og Solund. Fag og elevtal ved Austrheim vidaregåande skule
Bakgrunnen for analysen er behovet for eit datagrunnlag for å gjere vurderingar av grunnlag for utvikling av og satsing på Austrheim vidaregåande skule.
Austrheim vidaregåande skule er med ca. 250 elevar ein liten vidaregåande skule. Sjølv om talet på 16-19- åringar ventast å gå ned i skulen sitt nærområde, synest det som den viktigaste utfordringa er at skulen er liten, og at det er eit begrensa geografisk område der skulen er eit naturleg førsteval for elevar som søkjer skuleplass.
Dersom skulen lukkast i å gi eit tilbod som oppfattast som så attraktivt at fleire elevar frå både skulen sitt nærområde og frå fylket elles søkjer seg dit, vil det kunne bety meir enn svekkinga av det demografiske grunnlaget, som i allfall dei næraste 10-12 åra vil vere moderat. Det kan også ha stor betydning i kva grad faktorar utanfor skulen sin kontroll, som offentleg transporttilbod, vert lagt godt til rette.
Geografisk område og føresetnader
Noverande befolkningsstruktur
Befolkningsutvikling dei siste 4 åra
Framtidig folketalsutvikling
Næringsstruktur
Utdanningsval og arbeidskraftbehov
Nærmare om Austrheim vgs
Data til behovsanalyse for Austrheim vidaregåande skule (pdf)