I undersøkinga fekk ein inn 415 svar frå kandidatar frå Universitet i Bergen og Høgskulen i Bergen, som vart uteksaminert våren 2001.
Fordeling på fagutdanningane:

Nesten 2/3 av dei som svarte var kvinner. Årsaka til det er dels at svarprosenten mellom kvinner er høgare, dels at med unnatak av ingeniørutdanninga er det fleirtal av kvinner eller lik fordeling mellom kjønna på alle fagutdanningane.
Svara på undersøkinga kom inn januar–mars 2003.
Frå samandraget i rapporten:
Ved undersøkingstidspunktet var nesten 90 % av kandidatane i arbeid. 5,4 % var arbeidsledige, medan resten var i permisjon eller hadde halde fram med å studere. Dei fleste kandidatane var mellom 20 og 30 år og hadde hatt ein eller to stillingar etter endt utdanning. Offentleg sektor og universitet og høgskular sysselsetter store deler av kandidatane frå UiB, medan kandidatane frå HiB jobbar innanfor helse, undervisning, bygg og anlegg.
Generelt synest det som om kandidatar utan profesjonsutdanning (dei fleste frå UiB) finn det vanskelegare å få innpass på arbeidsmarknaden, men tre av fem meiner det er mogleg dersom ein tek tida til hjelp. 60 % av kandidatane arbeider i Bergensregionen i dag. Resultata frå denne undersøkinga tyder ikkje på at hypotesen om at dei fleste reiser til hovudstaden for å få jobb etter endt utdanning, stemmer.
Nokre poeng frå kap. 5 ”Troen på Bergensregionen – jobbsøkingsprosessen”:
Søkjer jobb gjennom aviser/ media og internett.
Aviser/ tidsskrift og internett er mest nytta av kandidatane i jobbsøkingsprosessen. Få har opgjeve at dei har nytta direkte kontakt og familie/ bekjente i jobbsøkingsprosessen. Mange har nytta Aetat, men er samstundes misnøgd med etaten.
Dei fleste vektlegg fagleg relevans når dei søkjer jobbar.

Figuren viser at over halvparten av kandidatane legg mest vekt på fagleg relevans når dei søkjer jobbar, medan geografi er det totalt sett nest viktigaste omsynet.
Dei lærarutdanna og til dels dei ingeniørutdanna vektlegg fagleg relevans lågare, og legg meir vekt på geografi. Lærarane legg også mykje vekt på å skaffe seg arbeidserfaring.
60 % arbeider i Hordaland.

Figuren viser at meir enn 60 % av kandidatane frå UiB og HiB var i jobb i Hordaland 1 – 2 år etter avslutta studium. Dei øvrige fordeler seg over heile landet, men flest hamnar i Oslo/ Akershus.
Ingeniørane, lærarane og dei helse- og sosialutdanna arbeider i særleg stor grad i Hordaland.
Berre 30 % av juristane arbeider i Hordaland. Men heller ikkje dei reiser i svært stor grad til Oslo; ca 25 %. Mange reiste også til Rogaland og Møre og Romsdal.
Mellom dei som arbeider i Hordaland arbeider nesten 90 % i Bergen. Dei resterande fordeler seg nokolunde jamt mellom 12 andre kommunar i fylket.
Kvifor flytta kandidatane frå Bergen ?
Litt over halvparten av dei som flytta frå Bergen flytta av det ein kan kalle nødvendige, jobbmessige grunnar; altså at dei ikkje fekk jobb i Bergen eller fekk jobb ein annan stad (først). Nesten ein firedel flytta pga familietilhøve, t.d tilbake til regionen der dei budde før dei kom til Bergen for å studere. Ca. 20 % flytta ”friviljug”; mange av desse har oppgjeve at dei ønskjer tilgang til ein større arbeidsmarknad.
Sjå også artikkel på Aetat.no.