Alt regnet på Vestlandet det siste året har ført noko godt med seg: Elektrisitetsproduksjonen i Hordaland kom opp i heile 18940 GWh nov 2004 – okt 2005. Det tilsvarer ein auke på 40 % frå tilsvarande periode året før.
Det var den nest høgaste prosentvise auken mellom fylka, berre Rogaland hadde større auke, men der er nivået i utgangspunktet lågare. Hordaland er dermed no tilbake som det største kraftproduserande fylket.
Dette har nok sitt å seie for at landet sin eksport av elektrisitet (fordelast ikkje på fylke) vart tredobla i perioden (og importen redusert), men landet sin eksport var likevel berre på ca 12000 Gwh, altså vesentleg lågare enn Hordaland sin produksjon åleine.
Tabell på www.ssb.no/elektrisitet