Ein analyse av "sårbarheita" i kommunar og regionar i Hordaland viser at det er Odda/ Indre Hardanger, Austevoll og Fedje som kan seiast å vere mest sårbare for endringar i rammevilkåra for næringsverksemd.
Føremålet med sårbarheitsanalysen er å finne eit heilskapeleg mål for kva regionar som er sårbare i regional- og næringsutviklingssamanheng.
Sårbarheita vert vurdert ved hjelp av informasjon om talet på sysselsette i vareproduserande næringar og i store industribedrifter, og informasjon om utdanningsnivå og forventa folkevekst. Ut frå desse indikatorane vert bu- og arbeidsmarknadsregionane i fylket rangert etter antatt sårbarheit , og det vert gjeve ei nærare beskriving av på kva måte regionane kan seiast vere/ ikkje vere sårbare.
Analysen inneheld dessutan ein del tilleggsinformasjon i form av nøkkeltal for kvar kommune i det aktuelle området, som også omfattar nokre kommunar i dei tilgrensande fylka.
Heile dokumentet (pdf)
Kartet under viser sårbarheitsindeksen for Hordaland. Kommunar med raud farge høyrer til ein bu- og arbeidsmarknadsregion som ut frå dei kriteria som er nytta reknast å vere mest sårbare. Kommunar med blå farge reknast som minst sårbare.
