Næringsanalyse for Hordaland 2009

Telemarksforsking har på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune utarbeidd ein næringsanalyse for Hordaland. Rapporten vart utarbeidd hausten 2009 og tek føre seg utviklinga i næringsliv, arbeidsliv og befolkning i perioden 2000 – 2008.

Næringsanalysen 2009 omfattar både analyse av næringsutvikling og attraktivitet. Analysen av næringsutvikling dannar grunnlaget for NæringsNM, medan analysen av attraktivitet dannar grunnlaget for attraktivitetsbarometeret.

Hovudbodskapet i analysen er at Hordaland er svært god på næringsutvikling og har høg vekst i tal arbeidsplassar, men vinn ikkje innbyggjarar frå andre fylke gjennom netto innflytting. Den typiske vestlandskommunen er den med god næringsutvikling, men låg attraktivitet. Her finn vi Fjell, Stord, Fusa, Odda og Etne som alle har svært god næringsutvikling, men som ikkje får uttelling for dette i auka nettoinnflytting.

I NæringsNM kjem Hordaland på andreplass, etter Rogaland. Oslo følgjer på tredjeplass. Også på regionnivå er resultata gode. Det er berre Osterfjorden som har under middels næringsutvikling. Dei regionane med best næringsutvikling er Bergen og Askøy og Sunnhordland. 20 av 33 kommunar har over middels næringsutvikling. Dei kommunane som kjem best ut er Modalen, Stord og Fusa.

På indikatoren etableringsfrekvens ser vi eit tydeleg skilje mellom ytre strøk og indre strøk, der kommunane og regionane i ytre strøk skårar høgast. På regionnivå skårar alle regionane i Hordaland høgt i høve til lønsemd og vekst.

På kommunenivå er det ikkje noko eintydig bilete når det gjeld lønsemd og vekst, her finn vi kommunar både i ytre og indre strøk både i øvre og nedre sjikt, men gjennomgåande skårar kommunane høgt på desse to indikatorane. Når det gjeld næringstettleik finn vi heile spekteret, både dei som har mykje og lite næringsliv, men med ein overvekt av kommunar med lite næringsliv.

Attraktivitetsbarometeret viser at dei kommunane som er mest attraktive som bustad er kommunar i nærleiken av Bergen (Meland, Askøy, Os), men også perifere kommunar som Modalen, Vaksdal og Eidfjord. Aller mest attraktiv er Sund kommune. Dei mest attraktive regionane er Bjørnefjorden, Osterfjorden og Voss.

Heile rapporten er tilgjengeleg her:

Næringsanalyse Hordaland 2009

Ein liknande rapport blei utarbeidd i 2007.

Telemarksforsking har også laga tilsvarande analysar for fleire andre fylke. Næringsanalysar for andre fylke er tilgjengeleg på Telemarksforsking sine nettsider: http://www.tmforskbo.no.

09.02.2010 12:11
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart