Næringsanalyse for Hordaland 2007: Attraktivt å bu i Sund, Etne best på næringsutvikling

Etne, Bergen, Os, Lindås og Fusa var dei beste næringslivskommunane i Hordaland i 2006 – og mellom dei beste i landet. Dei mest attraktive kommunane i Hordaland finn vi rundt Bergen, med Sund og Øygarden på attraktivitetstoppen.

Næringsanalysane som Telemarksforsking utfører som del av ei årleg gransking av sysselsettings- og næringsdata - Næringslivsindeksen (også kalt "NM i Næringsliv") - rangerer kommunane i Hordaland i 2006 og dei siste 5 åra etter korleis næringslivet i kommunen har utvikla seg.

Kart - attraktivitet i kommunane i Hordaland 2006Nytt i 2007 er Attraktivitetsbarometeret, der ein ser på korleis kommunar og regionar sin ”attraktivitet” kan definerast, og kva faktorar som kan forklare attraktivitet.

 

Kartet viser resultat frå attraktivitetsbarometeret. Dei mest attraktive kommunane er markert med blått, dei minst attraktive med raudt.

I attraktivitetsbarometeret vert flytting og andre demografiske variablar trekt inn i tillegg til sysselsettings- og næringsdata.

Attraktivitetsbarometeret vart først utarbeidd på regionnivå sommaren 2007. Næringsanalysane som Telemarksforsking utførte for Hordaland fylkeskommune hausten 2007, har også med eit attraktivitetsbarometer på kommunenivå, der alle tal for kommunane i Hordaland er publisert.

På kommunenivå utmerkar Etne seg med å kome ut som den beste næringslivskommunen i fylket i 2006, og som nr. 9 på landsbasis. Dette er ein sterk framgang frå tidlegare. Andre kommunar som gjer det godt i 2006 er Os, Bergen, Lindås og Fusa. Bergen ligg i 2006 på tredje plass i landet mellom dei større bykommunane, berre slått av Stavanger og Sandnes. Dette er ei klar forbetring frå tidlegare.

Dei ifølgje attraktivitetsindeksen mest attraktive kommunane i Hordaland er fleire kommunar i utkanten av Bergensregionen – kommunar som ligg relativt nær byen, men likevel langt nok vekk til at dei kan tilby andre kvalitetar enn byen. Desse kommunane har hatt ei betre flytteutvikling enn arbeidsplassutviklinga skulle tilseie. Dette gjeld særleg Sund og Øygarden, men også Os, Lindås og Askøy, Vaksdal, og Granvin som den einaste utanfor Bergensregionen.

Notat med oppsummering av nærings- og attraktivitetsanalysane for Hordaland (pdf)

Næringsanalyse for Hordaland 2007 (pdf)

Næringsanalysar for dei andre fylka er tilgjengelege på Telemarksforsking sine nettsider ("publikasjoner").

Sjå også tidlegare publiserte artiklar:

Attraktivitetsbarometeret - Kva gjer ein region attraktiv ? - om attraktivitetsbarometeret på regionnivå.

Hordalandsregionane sterke på nyetablering - om delanalysen av nyetableringar/ etableringsfrekvens.

02.01.2008 13:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart