NM i næringsliv 2006: Hordalendingane dyktige på lønsemd og nyetableringar

Resultat frå Telemarksforsking sine årlege næringsanalysar tyder på at ein mange stader i Hordaland har lukkast med å stimulere til nyetablering, og at vestlandske tradisjonar med "tæring etter næring" framleis står sterkt og skaper mange solide bedrifter

Bergen og Askøy, Øygarden og Sotra og Bjørnefjorden kjem ut med gode resultat på den samla indeksen – ”NM i næringsliv”. Nordhordland, Sunnhordland og Voss er middels medan Osterfjorden og Hardanger er mellom dei dårlegaste regionane i landet.

Bergen og Askøy skårar høgt på nyetableringar og næringstettleik, men lågare på lønsemd og vekst. Øygarden og Sotra har mange nyetableringar og vekstbedrifter, men låg næringstettleik.

Bergen og Askøy, Øygarden og Sotra og Bjørnefjorden er mellom regionane i landet med høgast etableringsfrekvens. Hordaland er på 3. plass mellom fylka.

Hordaland utmerkar seg med mange lønsame bedrifter, og bedriftene i Bjørnefjorden er mellom dei mest lønsame i landet både i 2005 og i gjennomsnitt for dei siste fem åra.

NM i næringsliv - resultat for Hordaland og Vestlandet (pdf)

Analysen som dette samandraget er laga ut frå vart  utgjeven i november 2006 og er utarbeidd av Knut Vareide og Ailin Aastvedt ved Telemarksforsking, på oppdrag frå Innovasjon Norge Nord- Trøndelag. Analysen er gjort på data for åra 2001-2005. Tilsvarande rapportar er laga for fleire fylke på Austlandet.

Heile rapporten er tilgjengeleg på

http://www.telemarksforskning.no/  (”publikasjoner”).

03.01.2007 07:52
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart