Hordalandsregionane sterke på nyetablering

Ei samanlikning av etableringsfrekvensane i norske regionar viser at Bergen og Askøy og Øygarden og Sotra framleis ligg høgt på statistikkane for nyetableringsaktivitet. I mange regionar i fylket er etableringsfrekvensen svært høg når det vert teke omsyn

Nyetableringane er ofte små og utan tilsette, og betyr ikkje mykje for sysselsetting og produksjon på kort sikt. Men dei nye bedriftene medfører ofte innovasjon og utvikling og at nye personar kjem inn i det lokale miljøet. Den langsiktige verknaden av nyetableringar kan derfor likevel vere viktig.

Bergen og Askøy og Øygarden og Sotra er både for 2006 og i gjennomsnitt for dei siste fem åra mellom dei aller mest nyetablerande regionane i landet. Også dei andre storbyregionane ligg i toppen av listene over etableringsfrekvensar.

Dei ti regionane med høgast etableringsfrekvens (nyetableringar i % av talet på eksisterande foretak):

Oslo

12,2

Bergen og Askøy

11,9

Trondheimsregionen

11,8

Sørlandet (Kristiansandsreg.)

10,7

Akershus Vest (Asker og Bærum)

10,4

Stavangerregionen (inkl. Sandnes)

10,3

Drammensregionen

9,7

Øygarden og Sotra

9,6

Haugalandet

9,5

Nedre Romerike

9,5

Næringsstrukturen i regionane forklarer svært mykje av variasjonane mellom regionane, sidan regionar med mange bedrifter i tenesteytande næringar naturleg får ein høg etableringsfrekvens. Også befolkningsvekst betyr mykje for nyetableringsaktiviteten.

Dersom ein korrigerer for at regionane har ulike føresetnader for nyetableringar, er det mogleg å identifisere regionar som er "flinkast" på nyetablering når det vert teke omsyn til at føresetnadene er ulike i form av næringsstruktur, folkevekst m.v.

Dei etter føresetnadene beste regionane i landet på nyetableringar er i Trøndelag; Trondheimsregionen og Hitra/ Frøya; dessutan Ryfylke.

Dei fleste regionane i Hordaland har svært god nyetableringsaktivitet i høve til det ein kunne forvente ut frå føresetnadene.

Regionane i Hordaland ut frå deira plassering på lista over dei "flinkaste" når det gjeld nyetableringar (det er 83 regionar i alt):

Osterfjorden

4

Bergen og Askøy

7

Øygarden og Sotra

10

Hardanger

13

Nordhordland

17

Voss
Bjørnefjorden

Gjennomsnitt for 2002-2006. Nøyaktig rangering for Voss og Bjørnefjorden kan ikkje oppgjevast.

Samanlikninga er utført av Telemarksforsking på oppdrag frå NHO, i "NæringsNM 2007 - Topp og bunn i regional næringsutvikling - delrapport nyetableringer". Publikasjonen er tilgjengeleg frå NHO sine nettsider:

http://www.nho.no/files/nho_mini_naerings_nm.pdf

Dei regionale næringsanalysane for 2007 - "NæringsNM" - vil bli publisert i månadsskiftet november/ desember.

Sjå også Attraktivitetsbarometeret 2007.

01.11.2007 12:49
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart