Attraktivitetsbarometeret og ”Kommunekåringa” - ulike resultat

Både Dagens Næringsliv/SSB si Kommunekåring og Telemarksforsking/NHO sitt Attraktivitetsbarometer legg fram rangeringar av kommunane etter attraktivitet, men resultata og prinsippa bak rangeringane er svært ulike.

11. august 2008 publiserte Dagens Næringsliv i samarbeid med SSB ei ”Kommunekåring”, der kommunane i Norge vart rangert etter kvar det er ”best å bu”, etter ei rekkje ”objektive” kriterium.

Ullensvang - UtneLitt seinare vart ”Attraktivitetsbarometeret”, som er utarbeidd av Telemarksforsking på oppdrag frå NHO, publisert. Attraktivitetsbarometeret består hovudsakeleg av ein attraktivitetsindeks som måler kor attraktive regionar og kommunar er som bustad, der attraktivitet er definert som evne til å trekke til seg innbyggjarar, gitt utviklinga på arbeidsmarknaden.

Ullensvang - ein god kommune å bu i, men likevel ikkje attraktiv..? Frå Utne. Foto: Ann Steindal.

Dei to rangeringane er gjort på svært ulike måtar, og med påfallande forskjellar for einskildkommunar.

Attraktivitetsbarometeret
Rangeringa i Attraktivitetsbarometeret har kome fram ved å gjere ei vurdering av forholdet mellom nettoflytting og utvikling i talet på arbeidsplassar. Regionane i øvre del av attraktivitetslista har ofte hatt større netto tilflytting enn arbeidsplassutviklinga åleine skulle tilseie, og kan dermed seiast å vere ”attraktive”. Det motsette kan også gi høg skår på attraktivitetsindeksen; der er reduksjon i talet på arbeidsplassar men flyttebalansen er likevel rimeleg bra.

Kommunar med god arbeidsplassutvikling utan tilsvarande god netto tilflytting kjem på same måte dårleg ut på attraktivitetsindeksen – dei er kanskje såpass lite attraktive som bustad at dei har problem med å skaffe arbeidskraft til dei nye arbeidsplassane. Det kan også vere at der ikkje er nok bustader i regionen, at arbeidstakarane må busette seg i ein naboregion.

Kommunekåringa
Det er nytta statistikk for 29 ulike faktorar innanfor temaa levestandard, sosiale tilhøve og offentleg tenestetilbod.

Alle kriteria har lik vekt.

Oversikt over kriteria som er nytta i Kommunekåringa

Attraktivitetsindeksen og Kommunekåringa
Mange kommunar får totalt forskjellig resultat på dei to rangeringane. Størst er forskjellen for Askøy og Ullensvang, med ein forskjell i dei nasjonale rangeringane på 317 og 318 plassar. Askøy er den mest attraktive kommunen i Hordaland ifølge TF/NHO, men samstundes mellom dei minst gode å bu i ifølge DN/SSB si rangering. For Ullensvang er situasjonen motsett; kommunen har svært låg skår på attraktivitetsindeksen, men etter ”objektive” kriterie om kvar det er best å bu kjem kommunen høgt opp både på fylkesnivå og på nasjonalt nivå.

Masfjorden er ifølgje DN/SSB mellom kommunane i landet der det er aller best å bu, medan attraktivitetsindeksen plasserer kommunen langt nede på lista både i Hordaland og nasjonalt. I Bergen er det minst bra å bu av alle kommunane i Hordaland, og kommunen kjem saman med dei andre storbyane (Stavanger 300. plass, Trondheim 367. og Oslo 417.) langt ned på den nasjonale rangeringa over kvar det er best å bu.

Tabellen t.h. viser nasjonal rangering for Hordalandskommunane; Attraktivitetsindeksen og Kommunekåringa.

Kva rangering gir rettast resultat ?
Attraktivitetsindeksen tek utgangspunkt i kvar folk faktisk flyttar – ”folk ”stemmer med bena” og flytter dit de mener det er best å bo” - som Petter H Brubakk i NHO formulerer det i forordet til rapporten. DN/SSB si kommunerangering er derimot basert på vurdering av ei rekkje moglege kvalitetar som er statistisk målbare – Anders Barstad i SSB forklarar på dn.no 11. august Luster si topplassering med ”lav forurensning, god tilgang til naturgoder og relativt lave boligpriser”.

Luster og andre kommunar i toppen av kommunekåringslista sine kvalitetar kan vere reelle nok, men spørsmålet er kor mykje det betyr når folk skal velge kvar dei skal flytte – og kor mykje val dei har eller opplever at dei har.

Medan attraktivitetsindeksen forsøker å vurdere kommunen/ regionen sin attraktivitet ut frå dei vala folk faktisk gjer, er kommunekåringa meir ei levekårsbeskriving som til ein viss grad kan fungere som ein guide til folk som vurderer å flytte (og som kan velge mellom fleire kommunar). Nokre kriterie i kommunekåringa, som bustadprisar og offentleg tenestetilbod, er det svært naturleg å legge vekt på ved val av stad å bu, medan mange av dei andre kriteria vil vere heilt irrelevante.

Eit mogleg svar på spørsmålet om kva rangering som er ”best” kan vere at Attraktivitetsindeksen gir det beste svaret på spørsmålet om kva kommunar/ regionar som ut frå sine føresetnader faktisk gjer det bra i kampen om innbyggjarar, medan Kommunekåringa gir ei meir detaljert beskriving av levekåra i kommunen for dei som allereie bur der.

Attraktivitetsbarometeret gir nokre generelle svar på korleis samanhengane er og kvifor resultata blir som dei blir – men inneheld lite informasjon om reint lokale forhold i den einskilde kommunen.

Kommunar som ønskjer å jobbe med å auke sin attraktivitet – for tilflyttarar og noverande innbyggjarar – kan sannsynlegvis ha nytte av å studere resultata frå Kommunekåringa for å få vite meir om sine sterke og svake sider.

Nærare om Attraktivitetsbarometeret 2008.

Kommunekåringa i Dagens Næringsliv 11.08.08: Her er det best å bo

Attraktivitetsbarometeret  - heile publikasjonen på www.nho.no.

Attraktivitetsbarometeret i Dagens Næringsliv 24.08.08: - Best å bo på Østlandet

15.10.2008 07:55
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart