Regional utvikling har tradisjonelt fokusert på utvikling av arbeidsplassar, særleg i konkurranseutsette næringar. Tanken har vore at dersom ein lukkast i å skape arbeidsplassar i konkurranseutsette næringar, vil dette føre til innflytting og vekst i lokalt baserte næringar. Slik arbeidsmarknaden er idag, er det ikkje lenger nok å skape arbeidsplassane, ein må også tilby ein region som er attraktiv nok til at ein får søkjarar til dei nye stillingane.
Attraktivitet er definert som regionane si evne til å trekke til seg innbyggjarar, gitt utviklinga i regionen sin arbeidsmarknad.
Osterfjorden og Nordhordland: Attraktive regionar trass låg kaffelattefaktor
|

|
Ifølgje Attraktivitetsbarometeret er Osterfjorden og deretter Nordhordland dei mest attraktive regionane i fylket.
I den grad dei fem forklaringsfaktorane som er nytta her kan forklare resultatet er det dei to faktorane som går på nærleiken til Bergen (arb. markn. integrasjon og nabovekst) som gjer at Osterfjorden, Nordhordland og Bjørnefjorden kjem høgt på attraktivitetsindeksen. Tabellen viser korleis regionane i Hordaland plasserer seg på attraktivitetsbarometeret. Rangering etter attraktivitetsindeksen (83 regionar i alt). |

|
Voss og Hardanger kjem ut som over middels attraktive. Voss har den høgaste kafetettleiken i Hordaland utanfor Bergen, noko som ifølgje analysen bidrar til attraktivitet. Hardanger har rett nok hatt netto utflytting, men arbeidsplassutviklinga skulle tilseie ein endå dårlegare flyttebalanse enn regionen faktisk har hatt. I begge regionane er det ei viss moglegheit for pendling til nærliggande vekstregionar.
Bildet: Avhaldskafeen på Voss (2. et.)- ikkje berre kaffelatte. Foto: Liv Sundheim. |
Øygarden og Sotra har hatt stor netto tilflytting, men den står ikkje i forhold til den svært høge arbeidsplassveksten dei siste åra, og regionen kjem derfor langt ned på attraktivitetslista. Regionen heng etter når det gjeld kafetettleik, men elles kan ikkje dei faktorane som er brukt gi ei god forklaring på den tilsynelatande låge attraktiviteten.
Sunnhordland kjem ut som den minst attraktive regionen i Hordaland, og også ganske langt ned på lista på landsbasis. Regionen har hatt ei rimeleg bra utvikling i talet på arbeidsplassar, men dette har ikkje kunna hindre betydeleg netto utflytting. Sunnhordland ligg nær andre regionar med god vekst, men integrasjonen med desse sine arbeidsmarknader er begrensa.
Notat med nærare omtale av resultata for Hordaland (pdf).
Telemarksforsking/ NHO: Attraktivitetsbarometeret 2007.