Regional utvikling har tradisjonelt fokusert på utvikling av arbeidsplassar, særleg i konkurranseutsette næringar. Tanken har vore at dersom ein lukkast i å skape arbeidsplassar i konkurranseutsette næringar, vil dette føre til innflytting og vekst i lokalt baserte næringar. Med ein stram arbeidsmarknad er det ikkje lenger nok å skape arbeidsplassane, ein må også tilby ein region som er attraktiv nok til at ein får søkjarar til dei nye stillingane.
Attraktivitetsbarometeret måler kor attraktive regionar er som bustad. Attraktivitet er definert som regionane si evne til å trekke til seg innbyggjarar, gitt utviklinga i regionen sin arbeidsmarknad. Regionane i øvre del av attraktivitetslista har ofte hatt ei netto tilflytting som er større enn det arbeidsplassutviklinga åleine skulle tilseie. Men det motsette kan også gi høg skår på attraktivitets-indeksen; det er reduksjon i talet på arbeidsplassar men flyttebalansen er likevel rimeleg bra.

Tabellen viser korleis regionane i Hordaland rangerast på landsbasis i Attraktivitetsbarometeret 2008.
Osterfjorden og Bjørnefjorden på 14. og 15. plass er dei mest attraktive regionane på Vestlandet. Voss får også eit bra resultat, medan Sunnhordland og Øygarden og Sotra kjem ut med ganske låg skår på den landsomfattande attraktivitetsindeksen.

Kartet t.v. viser hovudresultat på kommunenivå.
Ifølge attraktivitetsbarometeret kan Askøy reknast som den mest attraktive kommunen i Hordaland, følgd av Øygarden og deretter Sund, som kom på topp i fjor. Desse tre kommunane kom på høvesvis 15., 17. og 20. plass i den nasjonale rangeringa.
Fem av dei seks mest attraktive kommunane i fylket ligg rundt Bergen. Den sjette kommunen i gruppa ”mest attraktiv” er Eidfjord, som har hatt ein særleg god flyttebalanse dei siste åra.
Fire av dei seks i nest beste kategori ligg også i Bergensområdet. I tillegg kjem Granvin, der ei stor bedrift vart lagt ned i 2006, og Modalen som hadde reduksjon i arbeidsplassar i perioden og dermed forventa låg attraktivitet.
Tre av dei seks minst attraktive kommunane i fylket ligg i Sunnhordland og to i Hardanger. Fedje kjem aller dårlegast ut i Hordaland. Kommunen er rangert som nr. 422 av 430 kommunar på landsbasis, og er med det minst attraktiv på Vestlandet.
Attraktivitetsbarometeret er utarbeidd av Telemarksforsking, på oppdrag frå NHO.
Meir om resultata frå Attraktivitetsbarometeret i notatet Attraktivitetsbarometeret 2008: Osterfjorden og Bjørnefjorden mest attraktive regionar i Hordaland, Øygarden og Sotra mindre attraktiv enn før (pdf)
Attraktivitetsbarometeret - heile dokumentet (på www.nho.no).
Attraktivitetsbarometeret i Dagens Næringsliv 24.08.08: - Best å bo på Østlandet.
Attraktivitetsbarometeret og ”Kommunekåringa” - ulike resultat