Det vart sett søkelys på tre avgrensa kulturnæringar: Rytmisk musikk, film/media og design. Desse næringane er skilde ut som hovudsatsingsområde av Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Bergen kommune, som har bestilt rapporten.
Kulturnæringane er viktige næringar i Hordaland i kraft av både sysselsetting og verdiskaping.
Rytmisk musikk, media og design står for knapt ein fjerdedel av sysselsetting og verdiskaping innanfor kulturnæringane.
Med ein sysselsettingsandel på 3.5 % og ein andel av verdiskapinga på 3.1 % kan dei måle seg med ei viktig næring som skipsbyggingsindustrien.
Figuren t.h. viser talet på sysselsette i kulturnæringane.
I tillegg til ei statistisk beskriving av næringane, vert sterke og svake sider og moglegheiter og truslar drøfta i rapporten.
Hovudoverskrifter i rapporten:
- KULTUR SOM NÆRING OG MOTOR FOR REGIONAL UTVIKLING
- OMFANG OG DYNAMIKK
- KULTURNÆRINGER - FLEKSIBLE NETTVERK AV SAMARBEIDENDE SMÅBEDRIFTER
- KULTURNÆRINGENES MULIGHETER OG VEKSTPOTENSIAL I BYREGION NR. 2
Reportasje frå lanseringa på USF Sardinen 15. november 2007.
Bergens Tidende 16.11.2007: "Er vi ferdige med kakepynten nå ? "
Heile rapporten:
Lidenskap og levevei - en studie av utvalgte kulturnæringer i Hordaland (pdf, 3 Mb).
Lidenskap og levevei - en studie av utvalgte kulturnæringer i Hordaland - samanfatningsrapport (internettversjon, låg oppløysing; pdf, 0.7 Mb).
Sjå også omtale hos Ideas2evidence, som har utarbeidd rapporten. Der kan samanfatningsrapporten også lastast ned i trykkeversjon i høg oppløysing.