Færre utlån frå folkebiblioteka

Talet på utlån frå folkebiblioteka i Hordaland har gått ned dei siste åra, med ein reduksjon på totalt 8,7 % sidan 2004.

Utlån 2004 - 2008

Nedgangen i bokutlånet har vore på omlag same nivå; 8,9 %.

Figuren viser utviklinga i dei ulike typane utlån ved fylkesbiblioteka i Hordaland, 2004-07:

Dei fleste typane utlån frå folkebiblioteka har gått ned. Unnataket er lydbøker, der utlånet har auka med 19,3 %.

Nærare 70 % av utlåna frå folkebiblioteka i Hordaland i 2007 var bøker.

 

 

Figuren nedanfor viser korleis utlåna fordelte seg på ulike typar utlån, 2007:

Utlån typar

Utlåna har gått noko sterkare ned i Bergen enn i fylket totalt. I dei andre kommunane i fylket har utviklinga variert mykje mellom kommunane, frå sterk vekst i alle typar utlån som t.d. i Vaksdal, til kraftig nedgang i nesten alle typar utlån, som i t.d. Stord og Bømlo. 

 

Tabellar:

hordaland.no/statistikk: Utlån frå folkebiblioteka i kommunane 2004-07.

hordaland.no/statistikk: Utlån per innbyggjar

 

05.08.2008 10:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart