Ei spørjeundersøking til ungdom i Hordaland viser at internett er den informasjonskjelda som står sterkast i denne gruppa. Når det gjeld informasjon om helse, er det likevel flest som ville bruke lege eller helsesøster som informasjonskjelde.
Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune har ved fleire høve diskutert etablering av eit ungdomsinformasjonssenter (”UngInfo”) i Bergen, det vil seie ein fysisk stad der ungdom mellom 13 og 26 år kan få gratis hjelp og informasjon om alt som ungdom er opptatt av.
Ei arbeidsgruppe har diskutert fleire alternative modellar for ungdomsinformasjon, mellom anna eit fysisk UngInfo senter i Bergen med filialar i Hordalandskommunane, alternativt ein nettstad for ungdom i Hordaland.
Som bakgrunn for diskusjonen har Arbeidslaget Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) på oppdrag frå Strategi- og næringsavdelinga (Europakontoret), gjennomført ei spørjeundersøking mellom ungdom i alderen 15 - 25 år, for å finne ut meir om ungdom sitt forhold til informasjon.
Rapporten frå spørjeundersøkinga:
Ungdom og informasjon - Spørjeundersøking i Hordaland (pdf).
Saka om informasjon til ungdom vart handsama i Fylkesutvalet 24.05.07.