Utdrag frå foredrag på Kommuneplankonferansen i Bergen, oktober 2005.
Norsk Monitor er intervju- undersøkingar med representative utval, som har vore gjennomført annakvart år sidan 1985. Det vert stilt ei rekkje spørsmål om verdiar og åtferd på mange område.
Norsk monitor måler verdiar og kulturelle hovudskiljeliner, og gir tidsseriar som viser utviklingstendens.
Resultata frå Norsk monitor er nærare beskrivne m.a. i boka "På vei mot det gode samfunn ?" (www.ssb.no).
Norsk monitor frå 1985 viste at heile 88 % stort sett ville beskrive seg sjølv som "ganske" eller "meget" lukkelege.
I mellomtida har den materielle velstanden auka:

.. men lukkenivået er nesten uendra:

Kva betyr dette ? Kvifor fører ikkje velstandsveksten til at vi blir lukkelegare ?


I åra sidan 1985 har befolkninga bevega seg frå å vesentleg vere "tradisjonelle idealistar" til å vere "moderne materialistar":

Aukande inntekt og materiell velstand sidan 1985 har ikkje ført til at lukkenivået i den norske befolkninga har auka.
Ein grunn til dette er at velstandsveksten ikkje har gjort oss mindre opptekne av det materielle, tvert imot har andelen som har innkjøp og forbruk som sentrale mål i livet auka.
Materialismen bidreg til ein følelse av å mangle pengar og eigedelar, og av å vere dårlegare stilt økonomisk enn andre. Slike frustrasjonar reduserer individet sine sjansar til å bli lukkelege.
Konklusjon: Gjennom å stimulere ein materialistisk verdi- orientering har velstandsveksten verka negativt inn på nordmenn sitt lukkenivå. I tillegg har dette bidratt til negative samfunnsmessige verknader som synkande lovrespekt, miljøengasjement og omfordelingsvilje.
Alle lysark frå Hellevik sitt foredrag (pdf)