Varehandelen aukar mest i Fjell

Omsetninga i varehandelen i Hordaland auka med 11 323 mill. kr 1997–08, ein vekst på 4,7 % i året. Alle kommunane i fylket med unnatak av Granvin og Ullensvang hadde vekst i detaljhandelsomsetninga i perioden.

Over halvparten av omsetningsveksten skjedde i Bergen, som likevel ikkje hadde den sterkaste varehandelsveksten.

Fjell framstår som vinnarkommunen innan varehandel dei siste ti åra, ifølgje omsetningsstatistikken for detaljvarehandel.

Tabell på hordaland.no/statistikk: Omsetning i varehandelen i Hordaland og regionsentera 1997-08

Regionsentera er definert som i Fylkesdelplan for senterstruktur og lokalisering av service og handel (2002) (pdf).

Medan Fjell i 1997 hadde ein dekningsgrad på 75 og ikkje framsto som ein særskilt viktig handelskommune, hadde kommunen i 2008 ein dekningsgrad på 120, som er høgast i fylket.

Tabell på hordaland.no/statistikk: Omsetning per innb. og dekningsgrad i varehandelen i Hordaland og regionsentera 1997-08

Dekningsgrad i varehandelen - kommunane i HordalandKartet viser dekningsgraden for varehandel i kommunane i Hordaland i 2008. Dekningsgraden for fylket samla er 100.

Dekningsgraden for varehandel er eit mål på i kva grad kommunen er eit handelssenter som trekker til seg meir handel frå andre kommunar enn summen av innkjøp som kommunen sine innbyggjarar gjer utanfor kommunen. Ein dekningsgrad på over 100 vil seie at kommunen har overskot i detaljhandelen i høve til andre kommunar, medan ein dekningsgrad på under 100 inneber at kommunen har netto handelslekkasje til andre kommunar.

Dekningsgrad i varehandelen - forklaringBergen har fått sin dekningsgrad redusert litt sidan 1997, men har i 2008 likevel den nest høgaste dekningsgraden i fylket, med 118.

Også Stord har styrka seg noko som handelssenter, medan dei øvrige regionsentera i fylket har om lag uendra eller redusert dekningsgrad i detaljhandelen. Mellom regionsentera har Os hatt den dårlegaste utviklinga og har gått frå ein dekningsgrad på 103 i 1997 til 91 i 2008.

I dei mindre kommunane varierer dekningsgraden for varehandel frå 99 i Jondal til 26 i Sund og Sveio. Jondal er saman med Eidfjord den einaste av dei små kommunane i fylket som har hatt ein vesentleg auke i dekningsgraden dei siste 10 åra.

I 19 av dei 33 kommunane i fylket er dekningsgraden for varehandel redusert, altså har handelslekkasjen auka i perioden. Reduksjonen i dekningsgraden har vore størst i Granvin, Fusa og Ullensvang.

Tabell på hordaland.no/statistikk: Utvikling i dekningsgrad i varehandelen i kommunane i Hordaland og i fylket

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Hordaland fylkeskommune.

Sjå også:

Tettstadutvikling og senterstruktur

http://www.ssb.no/varehandel/

 

30.06.2009 08:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart