Store ringverknader av fiskeoppdrett

For kvart årsverk i fiskeoppdrett vart det i 2004 utført 6,5 årsverk i andre næringar, av desse 1,6 i andre deler av verdikjede fiskeoppdrett og heile 4,9 i næringar utanfor fiskeri- og havbruksnæringa, går det fram av ein rapport utarbeidd av SINTEF.

Fiskeri- og havbruksnæringa kan delast inn i to verdikjeder: Verdikjede fiskeoppdrett og verdikjede fiske og fangst.

På landsbasis vart det for kvart årsverk i kjerneverksemda fiskeoppdrett utført 6,5 årsverk i andre næringar, av desse 1,6 i andre deler av verdikjede fiskeoppdrett (foredling/ grossist) og heile 4,9 i næringar utanfor fiskeri- og havbruksnæringa.

I verdikjede fiske og fangst er ringverknadene langt mindre uttrykt i sysselsetting. Kvart årsverk i fangstleddet gir grunnlag for rundt to årsverk i andre næringar.

Ringverknader av fiskeri- og havbruksnæringa 2004 (pdf)

Notatet er basert på SINTEF- rapporten ”Betydningen av fiskeri- og havbruksnæringen for Norge – en ringvirkningsanalyse 2004”, som vart utarbeidd hausten 2005 på oppdrag frå Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening.

Sjå også:

Omtale med presentasjon av analysen på www.fhl.no

Samandrag med den fullstendige rapporten på www.sintef.no

11.01.2007 13:17
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart