Nye tal frå Fiskeridirektoratet viser at produksjonen av kveite i oppdrett i Hordaland har auka sterkt det siste året. Blåskjelproduksjonen er likevel framleis størst (i volum) mellom dei "nye" oppdrettsartane.
Det vart i 2006 produsert 160 tonn kveite i fylket, mot 15 tonn i 2005.
På landsbasis er det ein liten nedgang i mengda oppdretta kveite samanlikna med 2005. Det same gjeld for Rogaland og Møre og Romsdal.
Samla sett er det ein auke i produksjonen av ”nye artar” på landsbasis på 20 % i 2006 samanlikna med 2005. Det er og ein auke i produksjonen i alle vestlandsfylka. Den største veksten finn vi Møre og Romsdal, som også er det vestlandsfylket som har den største produksjonen av nye artar i 2006. I Hordaland er auken på 19 % når ein ser alle dei nye artane under eitt.
Tabell på hordaland.no/statistikk: Produksjonsvolum i fiskeoppdrett i Hordaland 2002- 2006, fordelt på art.
Blåskjelproduksjonen er likevel framleis størst (i volum) mellom dei "nye" oppdrettsartane. Frå 2004 til 2005 var det ein nedgong i produksjonen av blåskjel i fylket. I 2006 vart det produsert 382 tonn blåskjel i Hordland. Dette er ein liten auke samanlikna med 2005, men framleis er produksjonen mindre enn i 2004. Rogaland er det vestlandsfylket som produserte mest blåskjel i 2006, men dei har ein nedgong på 20 % samanlikna med 2005.
Tabell på hordaland.no/statistikk: Utviklinga innan oppdrett av fisk og skjel i vestlandsfylka og heile landet frå 2005 til 2006.