Oppdrett av nye artar: Hordaland på etterskot ?

Statistikk frå Fiskeridirektoratet viser at produksjonen av nye artar i oppdrett aukar, og den aukar meir i dei andre vestlandsfylka enn i Hordaland.

Totalt sett auka produksjonen av ”nye artar” i Hordaland frå 744 tonn i 2004 til 783 tonn i 2005.

I Hordaland var det særleg produksjonen av torsk og ”Andre fiskeartar” (kan vere piggvar, makrell, sei, ål, steinbit m.v.). som auka, medan produksjonen av blåskjell gjekk noko ned. Blåskjell er framleis den viktigaste ”nye art” i fiskeoppdrett i Hordaland.

Produksjon i fiskeoppdrett i Hordaland 2002 – 2005, fordelt på art.

Ifølgje statistikken har produksjonen av nye artar i oppdrett likevel auka mykje meir i andre fylke. I både Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er produksjonen av nye oppdrettsartar mangedobla frå 2004 til 2005. Alle dei tre fylka har hatt ein kraftig oppgang i produksjonen av oppdrettstorsk, og i Rogaland har kveiteproduksjonen skote fart.

Produksjon av nye oppdrettsartar i vestlandsfylka.

Sjølv om produksjonen av nye oppdrettsartar er liten målt i tonn, er verdien av produksjonen relativt høgare sidan prisnivået for mange av dei nye oppdrettsartane ligg høgare enn for dei store oppdrettsartane laks og aure.

Produksjon (sal) av oppdretta fisk etter verdi i 1000 kr og vekt i tonn, per art.

Klikk på nedtrekksmenyane i tabellane for å få fram fleire tal.

Sjå også:

Omlag 800 sysselsette i fiskeoppdrett i Hordaland.

01.09.2006 11:43
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart