Omlag 800 sysselsette i fiskeoppdrett i Hordaland

Den direkte sysselsettinga i oppdrettsnæringa i Hordaland har gått noko ned dei siste åra, både i Hordaland og i landet elles, og var i 2005 registrert med 787 personar.

Også det siste året har Hordaland hatt ein viss reduksjon i sysselsettinga innan oppdrett.

Sysselsettinga i oppdrett av "nye artar" (skjell og skaldyr og andre fiskeartar enn laks og aure) gjekk også litt ned i Hordaland frå 2004 til 2005, etter ein sterk vekst åra før.

Ringverknader i andre næringar (t.d. fiskeforedling og forretningsmessig tenesteyting) kjem i tillegg og utgjer sannsynlegvis langt fleire sysselsette enn den direkte sysselsettinga i kjerneverksemda fiskeoppdrett.

Sysselsetting i ulike typar fiskeoppdrettsverksemd 2002 - 2005.

Sjå også:

Oppdrett av nye artar: Hordaland på etterskot ?

28.08.2006 10:32
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart