Godt sildefiske i 2007

Sild og brisling og Makrell, lodde m.v. er dei viktigaste fiskeslaga for fiskerinæringa i fylket. Ilandført kvantum til fylket av desse fiskeslaga auka frå 2006 til 2007. Hordalandsflåten sin fangst auka litt, men mykje vert ilandført i andre fylke.

Statistikk frå Fiskeridirektoratet for mengd ilandført fisk viser at kvantumet av både Sild og brisling og Makrell, lodde m.v (inkluderer m.a. tobis og kolmule) til Hordaland auka med vel 3 000 tonn frå 2006 til 2007, ein auke på 11,2 og 17,4 %

Fiskebåtar

Ilandføringa av torsk m.v. til Hordaland er relativt låg og gjekk litt ned frå 2006 til 2007.

Tabell: Ilandført i Hordaland (hordaland.no/statistikk)

Den langsiktige tendensen til nedgang i fiskeria bremsa litt opp i 2007, i stor grad på grunn av godt sildefiske.

Over halvparten av fisken som vert ilandført i fylket kjem til Austevoll, der sild og brisling er dei viktigaste fiskeslaga. Det vert også ilandført eindel fisk i Bergen.

Båtar frå Hordaland ilandførte litt meir fisk i 2007 enn året før.

Tabell: Hordalandsflåten sin fangst (hordaland.no/statistikk)

Mesteparten av Hordalandsbåtane sin fangst er Makrell, lodde m.v. og Sild og brisling, og vert for det meste ilandført i hamner i Rogaland og Sogn og Fjordane.

Både talet på båtar og talet på fiskarar i fylket gjekk litt ned frå 2006 til 2007.

Tabell: Fiskarar og båtar i Hordaland i 1990, 2006 og 2007 (hordaland.no/statistikk)

Austevoll og Bømlo er dei to viktigaste fiskerikommunane i fylket, målt i både båtar og talet på fiskarar.

Sjå også Fiskeriverksemd i Hordaland frå 2004.

06.03.2008 08:58
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart