Breiast fiskerimiljø i Austevoll og Bømlo

Ei oversikt over fiskeriverksemda i Hordaland viser m.a. at medan Hordaland har ein stor og moderne fiskeflåte, vert det ilandført lite fisk til fylket. Mesteparten av den fisken som landast i fylket kjem til Austevoll og til Bergen.

Bømlo og Austevoll skiljer seg ut som dei kommunane i fylket som har både det største og det breiaste fiskerimiljøet, elles er der ein god del fiskeriverksemd i Bergensområdet.

Det vert ilandført relativt lite fisk til Hordaland; langt lågare kvantum enn til nabofylka på Vestlandet.

Hordalandsbåtane fiska meir enn 700 000 tonn fisk i 2004, medan den totale ilandføringa av fisk (frå alle båtar) til Hordaland berre var på ca 62 000 tonn.

I 2004 gjekk heile 95 % av fisken som vart ilandført i Hordaland til Bergen og Austevoll.

Rapporten inneheld også informasjon om norsk fiskeripolitikk og ressursforvaltning og om ressurssituasjon og fangstområde for ei rekkje fiskeartar.

Fiskeriverksemd i Hordaland (pdf)

Rapporten er utarbeidd i samband med oppstart av eit arbeid med prioritering av utbyggingsprosjekt for fiskerihamner i samband med ny Nasjonal Transportplan 2010-2019.

Sjå også fiske og fangst på hordaland.no/statistikk.

15.09.2006 09:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart