London og Brussel dei rikaste regionane i Europa

Med eit kjøpekraftjustert regionalt Bnp på 120 % av EU25- gjennomsnittet rangerast Hordaland på ein 50. plass av 271 regionar i ei oversikt over regionalt BNP i Europa. Øverst på lista kjem ei rekkje storbyregionar.

Aller øverst på lista ligg ei rekkje sentrale storbyregionar med verdiskaping langt over det europeiske gjennomsnittet. Desse omfattar m.a. London. Brussel, Hamburg, Paris (Île de France) og Wien. Oslo og Stockholm ligg også høgt oppe på lista.

Slik statistikken er utforma kan tala for regionar som desse vere "oppblåst" gjennom at regionen (med dei avgrensningane som er brukt i statistikken) i hovudsak består av det sentrale byområdet, medan store deler av det naturlege pendlingsomlandet ligg i andre regionar.

Den øvre delen lista inneheld også mange regionar utanfor dei største storbyområda, mellom dei den italienske regionen Bolzano (Sør- Tyrol), Åland og North Eastern Scotland. Neste norske region på lista er Rogaland på 33. plass, deretter Hordaland.

Europeiske regionar rangert etter kjøpekraftjustert Brp per innb. (lågaste regionnivå).

Sveits er ikkje med i statistikken.

Tala er justert for forskjellar i kjøpekraft. Målt i form av PPS (Purchasing Power Standard) er Norge det dyraste landet i Europa, følgd av Danmark. Bnp- tala korrigerast utfrå dette for å kunne gjere meiningsfylte samanlikningar av velstandsnivået.

Dei regionane som er brukt i denne statistiken varierer sterkt i storleik, frå regionar med rundt 10 millionar innbyggjarar til regionar med nokre titusen. Det varierer frå land til land kor mange regionnivå ein opererer med. Danmark er t.d. oppført som ein region. Dei norske fylka ligg i nedre del av lista om den rangerast etter innbyggjartal.

Europeiske regionar rangert etter innbyggjartal (lågaste regionnivå).

Andre oversikter:

Nokre regionar som Hordaland har samarbeid med (heile eller deler av regionen).

Nokre regionar med omlag same innbyggjartal som Hordaland.

Nokre regionar med omlag same innbyggjartal som Vestlandet (4 fylke).

(I tabellane: Bruk "Eigendefinert utval" på menyen under "Geografi" for å ta ut andre oversikter").

BRP: Regionalt bruttonasjonalprodukt

PPS:  Purchasing power standard. Ein kunstig "valuta" som tek omsyn til forskjellar i nasjonale prisnivå, for slik å kunne gjere meiningsfylte samanlikningar av forskjellar i økonomiske indikatorar, m.a. regional bruttonasjonalprodukt. For at GDP per innb. skal vere eit brukbart mål på forskjellar i levestandard mellom land vert den ned/ oppjustert med PPP for å ta omsyn til prisnivået.Til høgare PPP, til høgare relativt prisnivå. PPP reknast ut per land.

Tala for norske fylke/ landsdelar er berekna ut frå statistikk frå SSB og ein valutakurs på 8 kr/ EUR.

Verdiskapinga på kontinentalsokkelen (direkte eksport med skip/ rørledning) er ikkje fordelt på fylke. Dersom denne verdiskapinga hadde vore fordelt på fylke ville dei norske fylka ha kome høgare opp på Bnp- rangeringane.

Kjelder:

EU/ Eurostat: "Regional GDP per inhabitant in the EU 25".

SSB: Den europeiske kjøpekraftundersøkelsen.

SSB: Fylkesfordelt nasjonalrekneskap

24.08.2006 14:55
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart