ESPON in progress - Hordaland på europakartet

I notatet "Hordaland og Vestlandet på europakartet" er gjengjeve og kommentert dei for Hordaland og Vestlandet mest interessante karta i publikasjonen "ESPON in progress".

Hordaland og Vestlandet på europakartet" (pdf) (2,1 Mb)

Innhald:
ESPON (European spatial planning observation network)
ESPON in progress
Viktige omgrep
Befolkningstygdepunktet flyttar seg vestover
Samansetjing av befolkningsveksten
Brutto regionalprodukt: Periferien tek innpå
Funksjonelle byområde
MEGA- byar
Femkanten
Tilgjengelegheit – veg
Tilgjengelegheit – jernbane
Tilgjengelegheit – fly
Samfunnsøkonomisk lønsemd ved utbygging av veg og jernbane
Samfunnsøkonomisk lønsemd ved utbygging av veg og jernbane
Fiberoptiske nett

ESPON- programmet starta i 2002 og skal halde fram til 2006. ESPON høyrer inn under INTERREG III og vart sett i gang som ei oppfølging av ESDP (European spatial development perspective), der eit hovudmål er å arbeide for betre balanse og polysentrisk utvikling i Europa.

I mai 2004 vart det lagt fram ein rapport ”ESPON in progress” - Preliminary results by autumn 2003” som viser hovudresultat så langt frå dei ulike prosjekta som programmet består i.

Data frå ESPON- prosjektet er nytta som ein del av grunnlaget for EU sin ” Tredje rapport om den økonomiske og sociale samhørighed  - Et nyt partnerskab for samhørighed”, som kom i februar 2004.

29.06.2005 09:59
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart