Assembly of european regions (AER) har fått utarbeidd ein pilotstudie som skal vere førebuing til ei kartleggjing av i kva grad regionale og lokale styresmakter i Europa har sjølvstyre og handlefridom, og i kva grad regional autonomi har samanheng med t.d
Hordaland fylkeskommune har delteke aktivt i pilotstudien saman med Västra Götaland i Sverige, Friuli Venezia Giulia i Italia og Istria i Kroatia. Studien er utført av BAK Basel Economics.
I studien vert det først (kap. 2) gjort ei oppsummering av teorien rundt maktfordeling mellom ulike politiske nivå, deretter (kap. 3) nyttar ein tilgjengelege data for offentlege inntekter og utgifter, sysselsetting og informasjon om det politiske systemet for å beskrive nokre sider ved maktfordelinga i dei ulike landa. Nokre hovudpoeng frå dette kapittelet.
Tilgangen på data om desentralisering og regional autonomi er likevel svært begrensa, og i pilotstudien (kap. 4) vert det lagt fram ein plan for innsamling av eigne data som skal gjere det mogleg å gjere meir grundige analysar. Dette vil i hovudsak vere to spørjeundersøkingar (ein kvalitativ og ein kvantitativ) som går ut til alle dei deltakande regionane i Europa. Spørjeskjemaa er utarbeidd i samarbeid med dei fire regionane som deltek i pilotstudien.
Til slutt (kap. 5) vert det lagt fram førebelse resultat for dei fire pilot-regionane ut frå svara dei har gitt på spørjeundersøkingane.
Heile pilotstudien:
Decentralisation indicators - Preliminary final report of the pilot study (pdf).