Rekordhøg eksport dei første 11 månadene av 2005

Eksporten for dei første 11 månadene av 2005 var rekordhøg både på landsbasis og i Hordaland, og Hordaland aukar avstanden til neste fylke på lista over dei største ”eksportfylka”.

Eksporten frå Hordaland utgjer no 15 % av landet sin eksport (mot før 12-13 %).

Dette skuldast rett nok i stor grad auke i eksporten frå to brenselstoff- produserande anlegg i fylket, Mongstad og Kollsnes, men det understrekar Hordaland sin sentrale posisjon i den norske olje- og gassverksemda.

Men det er ikkje berre eksporten av brenselstoff som aukar: Fiskeeksporten frå Hordaland låg per november 2005 godt over tala for heile 2004, og fylket sin andel av den totale norske fiskeeksporten har auka (til 9,7 %; same som andelen av folketalet).

Meir informasjon: www.ssb.no/muh

Tabell på www.ssb.no/muh.

02.01.2006 12:58
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart