Av fylkesfordelt nasjonalrekneskap for 2002 (publ. i mai 2005) går det fram at forskjellane i BNP ("verdiskaping") per sysselsett mellom fylka er mindre i 2002-rekneskapen enn tidlegare år. I tillegg til Oslo, Akershus og Rogaland reknast no også Vest-Agder og Møre og Romsdal å ha høgare verdiskaping per sysselsett enn landsgjennomsnittet.
Med eit bruttoprodukt per sysselsett på 527 280 kr. per innb. ligg Hordaland like under landsgjennomsnittet (99%). Vestlandet (fire fylke) har eit verdiskapingsnivå like over landsgjennomsnittet (101%).
Verdiskapinga i oljeverksemda i Nordsjøen med tilhøyrande røyrtransport er halden utanfor; den vert ikkje fordelt på fylke. Dette omfattar omlag 20 % av landet si totale verdiskaping.

Tabellen viser bruttoprodukt (kr. ) per innbyggjar i Hordaland i dei ti næringane i fylket som har eit bruttoprodukt per innb. som er høgare enn tilsvarande for landet.
Tala i tabellen over kan forståast som at innanfor desse næringane bidrar fylket særleg sterkt til landet si verdiskaping. Dei største av desse næringane er undervisning, sjøfart og annan transport og kraft- og vassforsyning.
Størst forskjell i verdiskaping er det for sjøfartsnæringane og bygging av oljeplattformer, der Hordaland har ei verdiskaping per innbyggjar på rundt det doble av landsgjennomsnittet. Også innanfor maskinindustri og fiske/ fiskeoppdrett ligg verdiskapinga per innbyggjar i Hordaland vesentleg over landsgjennomsnittet.
Desse har likevel ikkje den aller største verdiskapinga per innbyggjar i Hordaland. Størst verdiskaping per innbyggjar er det innanfor helse- og sosialtenester (ca. 26 000 kr.), eigedomsdrift/ bustadtenester (25 000) og varehandel (20 000), men her ligg likevel gjennomsnittet for landet endå litt høgare.
Aller størst verdiskaping per innbyggjar er det i næringa "Olje- og gassutvinning", med heile 58 000 kr. per innbyggjar, men mesteparten av verksemda i denne næringa fordelast ikkje på fylke.
Kjelde/ meir infomasjon: Fylkesfordelt nasjonalrekneskap; www.ssb.no/fnr.