Rapporten "Regionalt samarbeid om bustadforsyning (pdf) " vart ferdigstilt i 1997 og beskriv hovudtrekk i bustadutviklinga i regionen og føresetnader og utfordringar for eit regionalt samarbeid om bustadplanlegging og bustadpolitikk.
I 1999 vart "Flyttemotivundersøkinga (pdf)" lagt fram, med resultat frå ei spørjeundersøking om kva som vert lagt vekt på når det gjeld flytting og butilhøve. Del 2 av flyttemotivundersøkinga (pdf; 6,1 Mb) vart lagt fram i 2000 og hadde særleg fokus på eldre sine flyttemotiv og bupreferansar.
Prosjektet vart vidareført i Fylkesplan for Hordaland 2001– 2004 (pdf) som del av programområdet "Utbyggingsmønsteret i Bergensregionen", ut frå målsetjingar om å sikre ei tenleg utvikling i Bergensområdet som vestlandets hovudstad og som eit alternativt lokaliseringsval i høve til Oslo.
Rapporten "Bustadmarknaden i Bergensregionen" vart utgjeven i 2001.