Bustader: Dobla kvadratmeterprisar i Bergensområdet

I Bergen har prisane på blokkbustader auka meir enn prisane på einebustader dei siste fem åra. Også Stord har hatt ein sterk auke i bustadprisane.

Når prisauken målast i prosentvis vekst sidan 2002 i dei kommunane der det er tilgjengeleg tal for begge år, har det vore størst prisauke for einebustader i Askøy og Meland. Her har det vore meir enn ei dobling i kvadratmeterprisane. Deretter følgjer Sund, Stord, Radøy, Lindås og Bergen.  

Tabell på hordaland.no/statistikk: Prisutvikling på einebustader, kommunane i Hordaland 2002-2007

Lågast prisauke har det vore i Vaksdal og Osterøy kommunar, med mindre enn 50 % auke.

Prisutvikling bustader Bergen og Fjell 2002-2007

Figuren viser utviklinga i prisnivået ved omsetning av (brukte) bustader i Bergen (Bg) og Fjell (Fj), 2002-2007.

M2-prisar (gjennomsnitts-pris i året).

 

I Fjell har kvadratmeterprisane på einebustader stige langt mindre enn i Askøy. Fjell har derimot hatt ei prisstigning på blokkbustader som er nesten like høg som i Bergen.

I Bergen stagnerte prisen på blokkbustader frå 2006 til 2007. 

Tabell på hordaland.no/statistikk: Prisutvikling etter type bustad; Bergen, Fjell og Askøy 2002 -2007

Bergen har framleis dei høgaste prisane for alle typar bustader, følgt av Askøy. Mellom dei kommunane der data er tilgjengelege er prisnivået for einebustader lågast i Osterøy og Bømlo, med rundt 40 % av nivået i Bergen. Prisane på blokkbustader er lågast i Stord, på knapt 60 % av nivået i Bergen.

Tabell på hordaland.no/statistikk: Prisnivået i kommunane i Hordaland etter type bustad, 2007

Kjelde: SSB Statistikkbanken, hordaland.no/statistikk.

Sjå også:

hordaland.no/statistikk: Bustadbygging

http://www.ssb.no/emner/08/02/30/bpi/

http://www.ssb.no/bygg/
23.07.2008 09:09
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart