Veksten i Hordaland var godt over landsgjennomsnittet på 0,7 %. Størst vekst var det i Oslo, Akershus og Rogaland.
Veksten i Hordaland fordelte seg på eit fødselsoverskot på 2 287 og ei netto innflytting på 1 981.
Hovudgrunnen til den sterke folkeveksten i landet er stort flytteoverskot frå utlandet. Polske statsborgarar bidrog mest til flytteoverskotet.
I Bergen var folkeveksten rekordhøg med 1,2 %.
Den aller raskaste veksten hadde Øygarden (2,6 %) og Os (2,4 %). Desse er på høvesvis 6. og 8. plass på lista over dei mestveksande kommunane i landet. Dei aller raskast veksande kommunane i landet ligg i Akershus, i nabolaget til Gardermoen: Sørum (3,4 %), Gjerdrum, Ullensaker og Skedsmo
Sveio og Stord hadde også høg vekst, og Lindås har no den sterkaste veksten i Nordhordland.
Størst nedgang i folketalet var det på Fedje, med 3,5 %. Fedje ligg med det på femte siste plass på den nasjonale folketalsutviklingslista.
I Hardanger hadde alle kommunane nedgang i folketalet; Odda miste 116 innbyggjarar i året som gjekk.
Aller dårlegast folketalsutvikling var det i Rødøy i Nordland (-4,6 %) og Loppa i Finnmark.

Kartet viser kommunane med vekst i folketalet i 2005 med blå farge, og kommunane med nedgang med raud farge. Masfjorden hadde uendra folketal.
Kjelde, meir informasjon: http://www.ssb.no/folkendrkv/ (for tal på kommunenivå, velg "Tall i statistikkbanken".
Tabellen under viser hovudtal frå statistikken:

1. jan. 2006.
Grunna måten statistikken er utarbeidd på er ikkje summen av nettoflytting og fødselsoverskot lik den totale folketilveksten for alle kommunar.
Tabellen som excel-fil