Flytting til Hardanger - unge vaksne sine preferansar og praksisar

Prosjektet ”Flytt til Hardanger” har som mål å marknadsføre regionen og snu flyttestraumen innan utgangen av 2009. I den samanhengen har Hordaland fylkeskommune gjennomført ei gransking av 31-åringane som vaks opp i Hardanger.

Hardanger

3-årig prosjekt
På oppdrag frå Strategi- og næringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune, og prosjektet ”Flytt til Hardanger” har arbeidslaget Analyse, utgreiing og dokumentasjon gjennomført ei  undersøking blant 31-åringane som har vakse opp i Hardanger. ”Flytt til Hardanger” er eit 3-årig prosjekt som går frå mai 2007 til mai 2010. Hovudmålet  er å  marknadsføra regionen sine tilbod og kvalitetar og snu flyttestraumen innan utgangen av 2009. Kommunane som inngår i prosjektet er Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik. Bakgrunnen for undersøkinga er at  ”Flytt til Hardanger” ønskjer meir informasjon om dei unge vaksne  sine preferansar, praksisar og haldningar til buplass, flytting og Hardanger.

Hovudfunn frå undersøkinga:
Studien viser mellom anna at 31-åringane har på mange måtar ei sterk tilknytting til Hardanger. Dei aller fleste har familie som framleis bur der, og  8 av 10  av dei utflytta hardingane har jamleg kontakt med folk som dei voks opp med.  Omlag 9 av 10 seier dei treivst under oppveksten i Hardanger.

Arbeid er viktig
Eit tydelig funn i undersøkinga er at arbeid er svært viktig for denne gruppa. 4 av 10 av dei utflytta hardingane seier at dei har kjennskap til arbeidsmarknaden i Hardanger. Berre 36 % i denne gruppa trur at det vil vere lett å finne relevant arbeid i regionen.

Synleggjere at det finst relevante arbeidsplassar
Dei meiner vidare at relevant arbeid til seg sjølv og eventuell partnar er svært viktig med tanke på ei eventuell flytting. På den andre sida trur dei at moglegheitene for å oppnå dette i Hardanger er ganske små. Her ligg det ei utfordring i forhold til å synleggjere det som finst av relevante arbeidsplassar for denne gruppa.

Oppvektsvilkår for barn og unge
31-åringane er svært opptatt av oppvekstvilkår for barn og unge med tanke på ei eventuell flytting, i tillegg meiner dei at moglegheitene for gode oppvekstvilkår i Hardanger er gode. Her er det altså godt samsvar mellom kva dei meiner er viktig og kva Hardanger har å tilby. Det er ein gjennomgåande tendens i materialet at familie og vener er svært viktige for denne gruppa. Familie er den faktoren som blir sett på som den største fordelen ved å bu i Hardanger.

Les heile rapporten i pdf-format

Sjå også:

Hardanger: Flest unge kvinner flyttar ut, fleire flyttar til storbyane

Kristin Iversen 24.09.2008 11:47
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart