62 000 fleire hordalendingar i 2020

Statistisk sentralbyrå si nyaste folketalsframskriving viser at den sterke folkeveksten i fylket og store deler av landet elles vil halde fram. Ifølgje framskrivinga ligg det an til at 23 av kommunane i Hordaland får vekst i folketalet fram mot 2020, i 10

Folketalet i Hordaland vil auke med 1,2 % i året (ca. 5 600 pers. pr. år). Dette er ein litt sterkare vekst enn for landet under eitt, der veksten vil vere på 1,0 % per år.

Hovudgrunnen til den sterke veksten er at ein ventar fortsatt høg netto tilflytting frå utlandet endå nokre år, før den reduserast noko.

Det ventast nedgang i dei fleste kommunane i Hardanger, i dei nordlegaste delane av Nordhordland og i Tysnes. I mesteparten av ytre Hordaland ligg det an til vekst i folketalet, og veksten  blir særleg sterk i Bergensområdet. Også Stord og Sveio ventast å få betydeleg vekst.

Folketalsframskrivingskart tabell

Folketalsframskriving 2009-2020

Kartet viser forventa utvikling i folketalet i kommunane i Hordaland 2009 – 2020, uttrykt i prosentvis vekst per år. 

Eidfjord skil seg ut som den einaste kommunen i indre deler av fylket der det ligg an til ein vesentleg vekst i folketalet. I ein så liten kommune er tala usikre, men framskrivingsresultatet gjenspeglar at kommunen har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, og dersom denne held fram kan kommunen bli eit lyspunkt i ein region prega av nedgang i folketalet.

Fram mot 2020 ventast veksten å bli aller sterkast i Askøy og Os med høvesvis 2,4 og 2,2 % vekst per år, noko som er ein svært sterk vekst. I Meland ventast det ein vekst på 1,9 % per år, og vekstkommunen gjennom mange år, Fjell, vil framleis ha sterk vekst og vil med 1,8 % per år vekse fjerde raskast  i fylket.

I Bergen ventast den årlege veksten å ligge på 1,4 % per år, noko som er svært høgt for ein stor bykommune. Innbyggjartalet i Bergen kommune ventast å auke med over 38000 fram mot 2020, og vil stå for godt over halvparten av veksten i fylket.

Nokre kommunar ligg likevel an til å få ei dårleg folketalsutvikling: I Fedje er det venta ein nedgang i folketalet på 1,4 % årleg. Dette inneber ein reduksjon på mellom 5 og 10 personar årleg, og dersom framskrivinga slår til vil folketalet i Fedje i 2020 vere kome ned i 507. Også i Ulvik (-1,2 % per år), Granvin (-0,9 %), og Masfjorden (-0,8 %) ligg det an til ei dårleg utvikling ifølgje framskrivinga.

Tala er frå framskrivingsalternativet MMMM, middelalternativet i SSB si folketalsframskriving frå 2009.

Fleire tal på hordaland.no/statistikk.

 

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Meir informasjon om framskrivinga og alle tal for heile landet http://www.ssb.no/folkfram

 

Tabellen til høgre viser tal frå framskrivinga for kommunar og regionar i Hordaland.

Tabell folketalframskriving

 

17.06.2009 07:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart