Historisk sterk vekst i folketalet i Hordaland i 2007

Folketalet i Hordaland auka med nesten 6000 personar i 2007, den største veksten i fylket nokon gong. Ca. 60 % av veksten skuldast netto innflytting. Berre 9 av dei 33 kommunane i fylket hadde nedgang i folketalet; med unnatak av Fedje ligg alle i dei ind

Fødselsoverskotet i fylket var litt høgare enn åra før, men likevel langt under nivået frå 50- og 60- talet, då det i 1952 var på nesten 4000.

2007
Innanlands flytting 1530
Netto innvandring 2119
Fødselsoverskot 2323

 

Tabellen viser korleis folkeveksten i Hordaland fordeler seg mellom flytting og fødselsoverskot.

 

Etter 1951, som er perioden det finst detaljert befolkningsutviklings-statistikk for, har Hordaland hatt netto utflytting i 24 av 34 år. Fram til på byrjinga av 80- talet var netto utflytting frå Hordaland det normale. Frå og med 1998 har fylket hatt store innflyttingsoverskot kvart år, og i 2007 var overskotet rekordhøgt med 3649 fleire som flytta inn til fylket enn som flytta ut.

Innflytting frå utlandet har hatt aukande betydning dei siste ti åra. I 2007 var nettoflyttinga frå utlandet på nesten 4000 personar, medan den innanlandske nettoflyttinga var negativ.

Berre 9 av dei 33 kommunane i fylket hadde nedgang i folketalet i 2007, og med unnatak av Fedje ligg alle i dei indre delane av fylket. Eidfjord var den einaste kommunen i Hardanger med vekst i folketalet.

Kartet viser kva kommunar som hadde vekst og nedgang i folketalet i 2007.

I mange av dei kommunane som fekk redusert folketalet i 2007 var nedgangen moderat. Fedje skil seg ut med ein nedgang på heile 4 %, og innbyggjartalet er no kome under 600.

Folkeveksten var størst i kommunane rundt Bergen, og som tidlegare år aller størst i Meland (3,5%) og Askøy og Os (2,9 %). Radøy er i ferd med å bli ein vekstkommune, med ein vekst på 136 personar (2,8 %) i 2007.

I absolutte tal er det likevel Bergen som står for mykje av veksten; ein vekst på 3 126 personar (1,3 %) utgjorde vel halvparten av veksten i fylket.

Av dei 9 kommunane med nedgang i folketalet hadde Jondal, Ulvik og Fedje både fødselsunderskot og netto utflytting. Etne, Voss og Kvam hadde eit lite fødselsoverskot, men tapte befolkning på grunn av utflytting. Odda og Ullensvang hadde netto tilflytting, men fødselsunderskotet ga nedgang i folketalet likevel.

Odda hadde det største fødselsunderskotet i fylket med 49 fleire døde enn fødde. Tala for 2007 tyder på at i Odda og Indre Hardanger elles er den skeive befolkningsstrukturen i ferd med å bli eit større problem for å oppretthalde befolkninga enn fråflyttinga er.

Tabell: Folketalet i kommunane 1. januar 2008 (hordaland.no/statistikk)

Tabell: Samansetning av folkeveksten (hordaland.no/statistikk)

Sjå også:

Hordaland passerte Nord-Noreg i folketal

Befolkningsutviklinga i fylka (SSB) 

http://www.ssb.no/emner/02/02/folkendrkv/

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

02.04.2008 13:35
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart