17 kommunar i Hordaland hadde nedgang i folketalet i 2004. 15 kommunar hadde negativ flyttebalanse, 11 hadde fødselsunderskot. Fire kommunar, Odda, Kvam, Fusa og Masfjorden, hadde både fødselsunderskot og negativ flyttebalanse.
Hardanger var den einaste regionen som totalt sett hadde både fødselsunderskot og negativ flyttebalanse. Også Sunnhordland hadde negativ flyttebalanse, men fødselsoverskot ga likevel folkevekst totalt sett. Alle dei øvrige regionane som er nytta i tabellen hadde både fødselsoverskot og positiv flyttebalanse.
I 2004 hadde Voss, Nordhordland, Osterfjorden, Øygarden og Sotra, Bergen og Askøy og Bjørnefjorden totalt sett ei positiv befolkningsutvikling. Sjølv om utviklinga var negativ i ein eller fleire av kommunane innanfor desse regionane, hadde dei også ein senterkommune eller (minst) ein annnan kommune med vekst.
Dei særleg negative tala for Hardanger kan settast i samanheng med at denne regionen ikkje har nokon senterkommune med vekst; tvert imot er Odda mellom kommunane med dårlegast statistikk både når det gjeld nettoflytting og befolkningstal. Dei fleste andre regionane har ein eller fleire tunge kommunar med positiv folketalsutvikling, som oppveg dårlegare utvikling i andre kommunar i regionen.
For dei fleste kommunane har nettoflyttinga vore varierande dei siste seks åra. To kommunar, Kvinnherad og Odda, har hatt netto utflytting kvart år i denne perioden, medan 5 kommunar (Bergen, Askøy, Sund, Fjell, Øygarden og Meland) har hatt netto innflytting kvart år. Bergen har hatt ei årleg netto innflytting på heile 875 per år medan Askøy er nest største tilflyttingskommune med 261 fleire inn- enn utflyttarar i gjennomsnitt per år.

Tabellen som Excel-fil.
For meir informasjon om folketal og folketalsutvikling i kommunane sjå Hordaland i tal nr. 1/2005.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå Statistikkbanken; www.ssb.no.