I "Utflyttingar frå Hardanger 1986 – 2007" ser vi på kor mange og kven som har flytta ut frå Hardanger dei siste 20 åra, og kvar dei har flytta.
Kommunane i Hardanger har lenge hatt stor utflytting, noko som er hovudårsaka til nedgang i folketalet gjennom fleire tiår. Utflyttinga er framleis størst mellom unge kvinner (18-27 år), men flytteraten har ikkje auka for denne gruppa. Samstundes har menn i alle aldersgrupper, og kvinner i aldersgruppa 28-40 år, i aukande grad flytta ut av regionen. Utflyttarane reiser i stor og aukande grad til Bergen og andre storbyområde i Norge.
I 2007 var det betydeleg lågare utflytting frå regionen enn året før samstundes som tilflyttinga til regionen var større.
Utflyttingar frå Hardanger 1986 - 2007 (pdf).