Fleire flyttar; betre flyttebalanse i indre Hardanger

Det var 41 125 flyttingar til/ frå kommunane i Hordaland i 2007, 50 % fleire enn i 1990. Medan tilflyttinga frå utlandet til Hordaland låg på ned mot 25 % av totalen på 80- og 90- talet, utgjorde den i 2007 heile 43 %.

Vel 10 % av dei som flytta til Hordaland kom frå Osloområdet, elles hadde fylket tilflytting frå heile landet. 

Tabell på hordaland.no/statistikk: Flyttingar til Hordaland, 2007 

Figuren t.v. viser talet på flyttingar til Hordaland fordelt på frå utlandet/ innanlands.

Det er særleg i Bergensområdet flytteaktiviteten har auka. I Hardanger og Voss har flytteaktiviteten gått ned, noko som må sjåast i samanheng med nedgang i folketalet.

Tabell på hordaland.no/statistikk: Talet på flyttingar 1980-2007, regionane i Hordaland

Berre 9 av kommunane i fylket hadde netto utflytting i 2007.

Tabell på hordaland.no/statistikk: Ut-, inn- og nettoflytting i kommunane i Hordaland 2006 og 2007

Innflyttingsoverskot i indre Hardanger i 2007

Hardangerregionen har netto utflytting også i 2007, men lågare enn tidlegare år. Tre av kommunane i regionen, Odda, Ullensvang og Eidfjord, hadde innflyttingsoverskot i 2007, noko som tyder på at også deler av Hardanger får glede av den generelt store tilflyttinga til Hordaland. Flytteoverskotet til Odda var på 2 personar, medan det for Ullensvang og Eidfjord var på 11 og 27 personar.

Tabell på hordaland.no/statistikk: Innflytting til Ullensvang og Eidfjord, 2007

Den største gruppa tilflyttarar til Ullensvang kom frå utlandet, med 36 av dei 141 som flytta til kommunen. 28 av tilflyttarane til Ullensvang kom frå Odda, noko som betrar inntrykket av Odda sin flyttebalanse dersom ein ser dei to kommunane i samanheng. Mange kom også frå Bergensregionen, elles kom tilflyttarane til Ullensvang frå store deler av landet.

Utlendingane er også viktige for Eidfjord sitt imponerande flytteoverskot; 14 av 54 tilflyttarar kom frå utlandet. Elles var Bergensområdet den viktigaste kjelda til innflytting, og også Eidfjord hadde tilflytting frå store deler av landet.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå/ hordaland.no/statistikk

Sjå også:

Hardanger: Flest unge kvinner flyttar ut, fleire flyttar til storbyane.

Hordaland i tal

http://www.ssb.no/flytting/

 

24.06.2008 08:58
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart