Folketalet i tettstadene i Hordaland auka med 1,6 % i 2008, ein litt sterkare vekst enn totalfolketalet. Utanom Bergen tettstad, som sto for nesten 3/4 av veksten, var det tettstadene Askøy, Os og Espeland som vaks mest.
Uttrykt i prosentvis vekst var dei mestveksande tettstadene i fylket Bekkjarvik (Austevoll), Vindenes (Fjell), Espeland (Bergen) og Seimsfoss (Kvinnherad), med ein vekst på 5-6 %.
Ei rekkje tettstader hadde nedgang i folketalet, mest i Lonevåg (Osterøy), Ulvik, Røldal (Odda), Krokeide (Bergen) og Lofthus (Ullensvang).
Utviklinga i tettstadene frå eitt år til eit anna, særleg i dei små tettstadene, kan påverkast av endringar i avgrensningar.
Tabell på hordaland.no/statistikk: Folketal i tettstadene i Hordaland, tal for aldersgrupper og kjønn og tidsserie tilbake til 1999.
Statistisk sentralbyrå: http://www.ssb.no/beftett/