Sterkast folkevekst i Meland, Askøy og Bergenhus

Folketalet i Hordaland auka med 7 007 personar i 2008, ein auke på 1,5 %. Dette er den sterkaste veksten på mange år. Bergen kommune hadde litt sterkare vekst, med 4 305 personar (1,7 %).

4 476 (64 %) av befolkningsveksten i fylket kom frå netto tilflytting, resten (2 508 personar) var fødselsoverskot.

Den prosentvise veksten var størst i Meland (3,9 %) og Askøy (3,1 %).  

8 kommunar i fylket hadde nedgang, størst var reduksjonen i Modalen (-2,5 %) og Jondal (-2,4 %).

I Bergen hadde Bergenhus bydel den største veksten, både prosentvis (3,1 %) og i absolutte tal (1 104), og er no den tredje største bydelen i folketal.

Tabellar på hordaland.no/statistikk:

Folketalet i kommunane i Hordaland 1990-2009. Endringstal 2008-09.

Folketalet i bydelane i Bergen 2003-09. Endringstal 2008-09.

Samansetning av folkeveksten i kommunar og regionar i 2008 - fordeling mellom fødselsoverskot og flytting.

17.04.2009 14:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart