Nedgang i totale klimagassutslepp, større mobile utslepp

Medan prosessutslepp frå industrien og i litt mindre grad utslepp frå avfallsdeponi og private hushald går ned, aukar utsleppa frå mobile kjelder - biltrafikken - framleis. På landsbasis er det også sterk auke i utslepp frå olje- og gassutvinning.

I fylkeskommunal samanheng vert det fokusert mest på utslepp frå mobile kjelder, sidan det er desse utsleppstypane som i størst grad kan påverkast lokalt.

Også frå 2006 til 2007 hadde Hordaland større vekst i utsleppa frå mobile kjelder enn landsgjennomsnittet. Det gjeld for alle typane mobile utslepp unnateke (innanriks) luftfart.

Tabell: Utvikling i klimagassutslepp etter hovudgrupper; Hordaland og landet (hordaland.no/statistikk).

Figuren viser utviklinga for klimagassutslepp frå mobile kjelder, relativt mellom Hordaland og landet.

Dei viktigaste mobile utsleppa er biltrafikken (”lette køyrety og motorsyklar”) som utgjorde 57,6 % av alle mobile utslepp i Hordaland i 2007. I absolutte tal er det utsleppsauken frå denne gruppa som betyr mest, medan den prosentvise auken innan mobile utslepp er størst frå skip og båtar. 

Tabell: Utvikling i klimagassutslepp frå mobile kjelder, Bergen, Hordaland og landet (hordaland.no/statistikk).

Bergen hadde mindre vekst i totale utslepp enn fylket og landet, både totalt og innanfor underkategoriane av mobile utslepp. Biltrafikken i Bergen slapp likevel ut 9 mill. tonn meir CO2- ekvivalentar i 2007 enn året før, og utsleppa frå biltrafikken utgjorde 63,5 % av byen sine totale klimagassutslepp frå mobile kjelder.

Utsleppsstatistikken for alle år er revidert, og tala for tidlegare år er derfor ikkje heilt like tal som er publisert tidlegare. Omtalen av utviklinga i klimagassutslepp er basert på CO2- ekvivalentar. 

For meir om utviklinga i heile perioden 1991-2005 (06), sjå også "Klimagassar - vegtrafikk gir kraftig utsleppsvekst i Hordaland".

Sjå også: Rapport: "Klimagassreduserende tiltak i transportsektoren".

Kjelde: www.ssb.no/emner/01/04/10/klimagassr/

29.04.2009 11:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart