Medan auken i utslepp av klimagassar på landsbasis har flata ut etter 1995 og er litt redusert frå 2004 til 2005, har utsleppa frå Hordaland auka tildels sterkt gjennom heile perioden ein har statistikk for.
Nær ein fjerdedel av Hordaland sine klimagassutslepp kjem frå mobile kjelder, mesteparten av dette frå vegtrafikk.
For heile landet har utsleppet av klimagassar frå mobile kjelder (transport) auka kvart år etter 1991, særleg etter ca 2000. Sidan midt på 90-talet har utsleppa frå Hordaland auka sterkare enn landsgjennomsnittet.
Etter 2000 har utsleppa frå gruppa "lette køyrety og motorsyklar" auka med 25 %, ein nesten dobbelt så sterk auke som landsgjennomsnittet. Dieselmotorar har jamt over lågare CO2-utslepp enn bensinmotorar, men auken i vegtrafikken har vore så stor at fleire dieselbilar på vegane ikkje har kunna forhindre ei kraftig auke i klimagassutsleppa.
Også utsleppa frå tunge køyrety har auka kraftig.
Hordaland fylkeskommune har vedteke å arbeide for store reduksjonar i klimagassutsleppa, og legg opp til eit utgreiingsarbeid som kan gi svar på korleis utsleppa frå mobile kjelder i fylket kan reduserast. Som ein del av dette arbeidet er det utarbeidd ein rapport med oversikt over situasjonen for klimagassutslepp i fylket.
UTSLEPP AV KLIMAGASSAR I HORDALAND 1991 – 2005 (06) (pdf). Oppdatert med tal for 2006.
Sjå også Nedgang i totale klimagassutslepp, større mobile utslepp.
I saka "Hordaland bensin- og dieselfri i 2020" vedtok Fylkesutvalet i Hordaland 28. mars 2007 eit utgreiingsprogram og strakstiltak for å bidra til større reduksjonar av klimagassutslepp i fylket. Saksdokument og vedtak (på Politiske saker).
Statistisk sentralbyrå sin statistikk for klimagassutslepp i fylka og i kommunane i Hordaland er tilgjengeleg på hordaland.no/statistikk.
- - - - -