Fleire unge og pensjonistar i arbeid, nedgang i arbeidsløysa

Talet på "pensjonistar" og ungdommar som er i arbeid i Hordaland aukar sterkt, og arbeidsløysa går ned. Fleire er sjukmeldte, medan talet på uføre og yrkeshemma går litt ned.

Frå 2007 til 2008 auka talet på personar 67-70 år som var i arbeid med nesten 1 000, noko som utgjer ein auke på over 30 %. Talet på personar 15-19 år i arbeid auka med ca 2 700 (23 %).

Endringar i arbeidsmarknaden 2007-08, personar.Talet på sjukmelde auka med nesten 10 %, og det var litt fleire studentar registrert busett i fylket i 2008 enn året før.

Arbeidsløysa er redusert med over 1 300 (-24 %) og det var også nedgang i talet på yrkeshemma, uføre og personar på attføring.

 

Figuren t.h. viser endringa i talet på personar med ulike typar tilknytting til arbeidsmarknaden, frå 2007 til 2008, Hordaland.

 

Talet på innbyggjarar i yrkesaktiv alder i fylket har auka noko, men ikkje på langt nær nok til å forklare den store sysselsettingsauken.

Mykje av forklaringa ligg i auka yrkesdeltaking (yrkesfrekvens). Yrkesfrekvensen for ungdommar (15-19 år) auka frå 37,8 i 2007 til 45,5 % i 2008, og for 67- åringar var tilsvarande tal 25,3 og 28,3 %.  

Tabell på hordaland.no/statistikk: Arbeidsmarknadsstatistikk, Hordaland 2007 og 2008. Personar etter tilknytting til arbeidsmarknaden.

Kjelde: SSB Statistikkbanken, hordaland.no/statistikk.

Sjå også:

Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane.

http://www.ssb.no/regsys

Oversikt over yrkesfrekvensar etter aldersgrupper (SSB).

03.07.2008 10:47
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart