Marin tilskotsordning er etablert

Marin tilskotsordning i Hordaland blei etablert 1. januar i år. Ordninga har sju millionar til utdeling og fylkeskommunen ønskjer no søknader om støtte.

Bakgrunn

Hordaland fylkeskommune er styresmakt for tildeling av akvakulturløyve etter akvakulturlova.   Hausten 2009 utlyste Fiskeri- og kystdepartementet ein nasjonal søknadsrunde for tildeling av oppdrettsløyve. Departementet sette prisen for kvart løyve til åtte millionar kroner. Av desse blei tre millionar per løyve overførte til kommunane som fekk nye konsesjonar. I Hordaland fekk fem verksemder tildelt kvar sitt løyve, og Hordaland fylkeskommune fekk overført totalt 15 millionar kroner frå staten.

Pengane blei gitt utan føringar frå staten. Fylkesutvalet har vedtatt å nytte vederlaget til å opprette ei eiga tilskotsordning med sikte på vidare utvikling av dei marine næringane i fylket.  

Formål

Tilskotsordninga er på plass frå 1.1.2011 og har følgjande hovudformål:

  • å fremje rekruttering til havbruksnæringa
  • å leggje til rette for betre arealbruk for havbruksnæringa
  • å stimulere til miljøtiltak for å redusere skadeverknadane frå havbruk 

Midlane skal nyttast til å finansiere tiltak og prosjekt som kan fremje ei berekraftig havbruksverksemd i eit langsiktig perspektiv.

Fylkesutvalet vedtok 16.06.10 at midlane skal fordelast slik: fire mill kroner til rekruttering, fire mill kroner til arealbruk og lokalisering og sju mill kroner til miljøtiltak (ein million er øyremerkt tiltak for å fremje villstammen av laks og aure).  

Søknad

Midlane til miljøtiltak skal administrerast til eksterne prosjekt gjennom ”Marin tilskotsordning i Hordaland”. Det er lagt opp til årlege søknadsrundar, den første med søknadsfrist 1. mars 2011.  

No etterlyser Hordaland fylkeskommune enkeltpersonar, verksemder, lag og foreiningar med meir, som har konkrete forslag til gode miljøtiltak. Fylkeskommunen har sju millionar kroner til utdeling. Det er lagt opp til årlege søknadsrundar med utbetaling av tilskot.

Regionalavdelinga ved Hordaland fylkeskommune tek imot søknader om tilskot, handsamar desse og gjer ei prioritering. Avgjerdsmynde for tildelingane er lagt til fylkesutvalet. 

For meir informasjon:  

Sjå også: fylkesutvalsak og endringsforslag

Kontakt lars.andresen@post.hfk.no

Søknaden sendast til:

Hordaland fylkeskommune

Klima- og naturressursseksjonen

Pb 7900

5020 Bergen

Lars H. Andresen 17.01.2011 09:23
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart