Laksekutt i Hardangerfjorden må drøftast

Konsekvensane for bedriftene, lokalsamfunna og verdiskapinga i Hordaland ved ein reduksjon av biomasse ved oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden er ikkje godt nok belyst i forslag til forskrift, meiner Hordaland fylkesutval.

Fylkesutvalet rår til at oppdrettarane vert inviterte til drøfting om ei fordeling av biomasse, og at konsekvensane vert analyserte i ei konsekvensvurdering før forskrifta vert iverksett. I denne utgreiinga bør ein vurdere konsekvensane på selskapsnivå og sørgja for at ikkje nokon verksemder kjem særskild urimeleg ut.

Biomassetak

Fylkeskommune er positiv til at Fiskeri- og kystdepartementet vil fastsetja særskilde krav til akvakulturverksemd i Hardangerfjorden som eitt av fleire tiltak for å redusere presset på dei ville lakse- og sjøaurestammene. Oppretting av eige biomassetak i området er naudsynt sidan produksjonen i dag kan auke innanfor dei lovlege rammene.

Langenuen

Departementet legg opp til at maksimal tillaten biomasse (MTB) i løyve som er gjevne i Hardangerfjorden ikkje skal overstiga 50 000 tonn. Det vert gjort framlegg om å innlemma Langenuen i verkeområdet. Medrekna Langenuen var produksjonen i området på 52 800 tonn i 2010.

Hordaland fylkesutval sluttar seg til at Langenuen til Selbjørnsfjorden vert omfatta av forskrifta med bakgrunn i dei faglege råda, men ber samstundes om at ein vurderer å justere opp det samla biomasse taket.

Evaluering

Hordaland fylkeskommune som forvaltar av tildelingsforskriftene vil vera delaktig i gjennomføringa av denne forskrifta, og burde ha fått høve til å gje innspel i forkant av høyringa. Tildeling av vedtakskompetansen i forskrifta må ikkje vera i strid med intensjonane bak forvaltningsreforma.

Fylkesutvalet meiner at forskrifta må innehalda kriterium for evaluering slik at effektane av tiltaket kan målast.

Åtte mot sju

Vedtaket i fylkesutvalet vart gjort med 8 (Ap, Sp, V, KrF) mot 7 (H, Frp, SV) røyster.

Eigne forslag

Dei seks rerpresentane frå Høgre og Fremskrittspartiet røysta for eit eige forslag om at Hordaland fylkeskommune skulle rå frå innføring av regjeringa sitt forslag til forskrift for akvakulturverksemd i Hardangerfjorden.

SV sette fram eit eige forslag som berre partiet sjølv røysta for.

Lenkje


Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet 24. mars 2011 (pdf-fil)

Stanley Hauge 24.03.2011 15:23
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart