Berekraftig arealbruk i akvakultur ei utfordring på Vestlandet

Innstillinga frå Fiskeri- og kystdepartementet sitt ekspertutval for effektiv og bærekraftig arealbruk i havbruksnæringa kom 1. februar 2011. Hordaland er truleg det fylket som kjem til å merka tilrådingane frå utvalet mest.

 
Over: Fiskeri- og kystministeren inviterte til avslutningsmiddag i Regjeringa sin representasjonsbolig i Parkvegen.

Med eit så konfliktfylt tema på agendaen var det ein svært takksam minister som mottok ein einstemmig rapport med ei rekkje forslag. Plansjef Marit Rødseth i Hordaland fylkeskommune har vore medlem i utvalet som planekspert foreslått av Miljøverndepartementet. Utvalet var nedsett i september 2009.  

Regjeringa vil lytta 

Rapporten er no sendt på høyring til kommunar, regionale organ og interesseorganisasjonar. Regjeringa vil lytta til innspela før dei tek stilling til korleis ein vil fylgja opp dei mange forslaga.  Utvalsleiar og tidlegare fiskeridirektør Peter Gullestad presenterte rapporten på ei samling for Vestlandsfylka på Fylkeshuset i Bergen (sjå biletet under). 

Eit kysteventyr 

Akvakultur er ei av våre viktigaste kystnæringar. Næringa har hatt ei eventyrleg utvikling sidan 70-talet og Hordaland har heile tida vore i front.  Sjølv om anlegga i seg sjølv ikkje beslaglegg stort areal vil påverknadsområdet vera stort gjennom vasskontakt som fylgje av kyst- og havstraumar. Talet på eigarar og lokalitetar i bruk har stupt dei siste åra, medan produksjonen fortsatt aukar. Anlegga flyttar ut mot kysten for å finna betre vasskvalitet.

Miljøutfordringar

Næringa har dei siste åra vore prega av store tap grunna sjukdom som påfører næringa sjølv vesentlege kostnader og inntektstap.  I tillegg er det utfordringar i forhold til villlaks og sjøaure som både på grunn av lakselus, påverknad i gyteplassane og genetisk forureining vert truga. I delar av kysten vil også forureining frå anlegga hindra vidare vekst.

Produksjonområde med felles forvaltning

Utvalet har foreslått eit heilt nytt forvaltningsregime der ein deler opp kysten i produksjonsområde med branngater eller smittevernsoner mellom.  Produksjonsområda vil bli forvalta som ei eining med vidare underdeling i utsettsoner som brakkleggjast synkront for å hindre smittespreiing. 

Utvalet ser for seg at oppdrettarane innafor eit produksjonsområde må samarbeida for å utnytta kapasiteten og hindre tap. Det blir innført ein handlingsregel der store tap blir møtt med redusert produksjon og omvendt.  Både tillatelsar, settefiskproduksjon, slakteri og brønnbåtar blir sterkare knytt til produksjonsområdet på sikt.  Oppdrettarane får ansvar også for beredskap  innafor området og vil bidra til å opprydding i definerte lakse- og sjøaure-elvar.

Friare etablering av lukka anlegg

Utvalet ser ikkje lukka anlegg eller landanlegg som ei løysing i eit 10 års perspektiv. Derimot vil ein stimulera til utvikling av slike anlegg ved å opna for friare etablering og auka storleik på settefisk.

Arealplan og arealavgift

Behovet for oppdatering av arealplanar i sjø er stort både i område med høg utnyttingsgrad i dag (som i Hordaland) og i område der ein ser for seg vekst, spesielt Troms og Finnmark.   Mange kommunar meiner dei får lite att for å leggja ut areal til akvakultur i kommuneplanane. Utvalet meiner ordninga med formuesskatt bør evaluerast. Det må finnast sterkare insitament for effektiv og berekraftig arealbruk gjennom økonomiske verkemiddel som arealleige.

Lenke til høyringsside for rapporten ”Effektiv og bærekraftig arealbruk i havbruksnæringen – areal til begjær” (pdf-format)

Marit Rødseth 18.03.2011 16:28
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart