Målet er fleire med god helse
Hordaland fylkeskommune arbeider for å fremja folkehelsa i fylket. Det overordna målet er fleire med god helse, og å redusere sosiale helseskilnader. Det viktigaste arbeidet skjer lokalt -der folk bur og lever liva sine. Fylkeskommunen tildeler midlar til gode lokale utviklingstiltak på nasjonale og regionale folkehelse- og friluftslivområde.
Nytt i 2012
Nytt frå 2012 er at alle søknader må skje via kommunen, statlege regionale aktørar eller friviljuge organisasjonar på fylkesplan. Vidare må søknader sendast inn via elektroniske søkarsystem (gjeld berre tilskotsordning 1-3, sjå under). Søknadene må også prioriterast.
Kven kan søkje?
Kommunar, regionale aktørar og friviljuge organisasjonar kan søkje tilskot. Vi tek atterhald om at rammane for tillysingsordningane kan verta endra våren 2012.
Korleis søkje tilskot
Søkjarar som fremjar fleire søknadar innanfor same tilskotsordning, vert beden om å gje ei prioritert liste over prosjekta. Det skal sendast ein søknad for kvart prosjekt.
Søknadsfrist 15. februar 2012
Tilskotsordningar folkehelse og friluftsliv:
Les meir om:
Føremål, føresetnadar og avgrensingar for dei ulike tilskotsordningane (pdf)
Oversyn tildelte midlar i 2011
Er det noe du lurer på, kan du kontakte oss