Fylkesutvalet har vedtatt å leggje forslag til planprogram for regional plan for folkehelse ut til offentleg ettersyn og høyring med høyringsfrist 10. april 2011.
Planprogrammet skal sendast på brei høyring til alle involverte partar.
Bakgrunn og prosess
Planprogrammet er utvikla av ei arbeidsgruppe med medlemer frå utviklingsseksjonen og planseksjonen i fylkeskommunen og frå helseavdelinga og miljøavdelinga frå Fylkesmannen. Gruppa har i tillegg presentert planprogrammet og innhenta innspel frå leiargrupper i fylkesadministrasjonen, frå kunnskaps- og forskingsmiljø i regionen og regionalt planforum.
I desember 2010 vart det halde eit ope arbeidsmøte om planprogrammet med over 60 deltakarar frå mellom anna partnarskap for folkehelse i Hordaland, kommunar, frivillige organisasjonar og kunnskapsinstitusjonar. Innspela frå alle prosessane er brakt vidare i planprogramutkastet.
Etter at endeleg planprogram ligg føre i mai vil planarbeidet føregå fram til nyåret 2012. Planforslaget skal sendast på høyring i februar neste år og er planlagt vedtatt i Fylkestinget i juni 2012.
Utfordringar i planarbeidet
Planen skal utformast i tråd med utfordringar fylket står overfor, og dei overordna måla og innhaldet i planen skal spegla dette. Utfordringane er knytt til helse- og levekår og kunnskapsgrunnlaget for dette, og til samordning og organsering av folkehelsearbeidet. I tillegg er det igjennom samhandlingsreforma varsla lovendringar på område som vedkjem alle styringsnivå som vil innverke på folkehelsearbeidet i framtida.
Lenkje til sak i fylkesutvalet 24.02.2011