Aina Haugstad er no tilsett som rådgjevar i folkehelsearbeid ved Utviklingsseksjonen i Hordaland fylkeskommune.
Aina er 33 år, er utdanna sjukepleiar, og tok mastergrad i Helsefremjande arbeid og helsepsykologi ved UiB i 2011. Ho kjenner godt til folkehelsearbeidet i fylket, både gjennom at ho skreiv masteroppgåve der ho evaluerte Hordaland fylkeskommune ”Partnarskap for folkehelse”, og gjennom jobb som folkehelsekoordinator i Samnanger kommune.
Aina er i eit vikariat i stillinga i fylkeskommunen i dag i 60 % stilling. Ho vil ved utgangen av februar ta til i 100 % stilling i fylkeskommunen.
Arbeidsoppgåvene til Aina vil vere særleg knytt til koordinering, drift og utvikling av Partnarskap for folkehelse i Hordaland, og ho vil vere kontaktperson for dette arbeidet i fylkeskommunen. Ho vil også delta i arbeidet med å lage ein regional plan for folkehelsearbeidet i Hordaland.
Ho har telefonnummer 55239291/ 97700413, og epost aina.haugstad@hfk.no