Folkehelseinstituttet har no åpna folkehelseprofilene og statistikkbanken. Her kan kvar kommune få oversikt over status for eiga befolkning.
Her har det komme eit nyttig verktøy til kommunane sitt arbeid med kartlegging og å få oversikt over eiga befolkning. Her finn ein informasjon om helse og sjukdom, om befolkningsutvikling og risikofaktorar for helse. Helsestatistikk skal vere eit bidrag til kommunane og fylkeskommunane sitt arbeid med å skaffe seg oversikt over helsetilstanden i befolkninga og kva for faktorar som kan påverkast, jamfør den nye loven om folkehelsearbeid som gjelder fra 1. januar 2012.
I statistikkbanken kan ein lage eigne tabellar og ulike typar diagram. Data er henta frå fleire register, mellom anna sentrale helseregister, Statistisk sentralbyrå og Utdanningsdirektoratet og Arbeids- og velferdsetaten (NAV)
Sjå meir på Folkehelseprofiler og Statistikkbank