Folkehelse er eit satsingsområde som er høgt prioritert nasjonalt og av fylkesutvalet. Dei overordna måla er: Fleire leveår med god helse i befolkninga som heilskap, og å redusere helseforskjellar mellom sosiale lag, etniske grupper, kvinner og menn.
Hordaland fylkeskommune mottek nå statlege midlar til stimulering av folkehelsearbeidet. Utfordringane er mange og gjeld mellom anna psykisk helse, usunt kosthald, auke i kroppsvekt, fysisk inaktivitet og ikkje minst aukande sosiale skilnader i folks helsetilstand.
Handlingsprogrammet er utarbeidd på bakgrunn av strategikonferansen i oktober 2006, der Fylkesmannen og fylkeskommunen signerte ein partnarskapsavtale (sjå vedlegg 1 i handlingsprogrammet). Eit sentralt verkemiddel er å utvikle samarbeidet mellom offentlege og private aktørar som har ansvar for psykisk helse, fysisk aktivitet, kosthald og ernæring, fysisk tilrettelegging, tiltak mot røyking og rusmisbruk og betre skole- og arbeidsmiljø. Etablering av samarbeid med kommunane må prioriterast framover.
Handlingsprogram for folkehelse 2007-2008 (pdf)
Handlingsprogrammet vart vedteke av Fylkesutvalet i Hordaland 23. april 2007.