Folkehelsestudentar i praksis

Tre bachelor-studentar i folkehelsearbeid har dei to siste vekene hatt praksis i Hordaland fylkeskommune. - Vi har både fått nyttig erfaring og knytt kontaktar som kan kome godt med etter studiet, seier Karina Nummedal Shandiz (biletet).


PRAKTIKANTANE OG KOORDINATOREN: Beate Kirkebirkeland (f.v.), Linn-Christin Torgersen, Karina Nummedal Shandiz og Sigrun G. Henriksen (foto: Øystein Rygg Haanæs).

I 14 dagar har folkehelsekoordinator Sigrun G. Henriksen hatt god hjelp av tre studentar frå Høgskulen i Bergen.

- Det er viktig for oss å ta in studentar. Dei ser verksemda vår med nye auge, og det verkar skjerpande på oss. Eg skulle gjerne hatt dei her mykje lenger enn fjorten dagar, seier Henriksen.

Beate Kirkebirkeland, Karina Nummedal Shandiz og Linn-Christin Torgersen er alle inne i siste år av ei bachelorutdanning som kanskje er nokså ukjend for mange.

- Studiet er ganske nytt, det same er vel folkehelsearbeid generelt, så vi har nok ei utfordring i å synleggjere kompetansen vår, seier Shandiz.

Ho angrar slett ikkje på studievalet, men er ein smule bekymra for framtidige jobbmoglegheiter.

Kvifor fylkeskommunen?

Alle tre søkte seg til fylkeskommunen i praksisperioden, og dei fortel at mange av klassekameratane hadde same praksisplass høgt på ønskelista.

- Fylket har ein sentral rolle i dette arbeidet, så det er veldig greitt for oss å få sjå korleis ein folkehelsekoordinator jobbar, kva omsyn ho må ta og korleis ho samarbeider med andre institusjonar, seier Kirkebirkeland.

Partnarskapsavtalar står sentralt

I desse to vekene har framtidas folkehelsearbeidarar også fått innblikk i korleis kommunane arbeider med folkehelse. Dei var med då fylkeskommunen og Tysnes kommune starta eit samarbeid om partnarskap for folkehelse.

Torgersen er tydeleg på at slike avtalar er eit av dei mest sentrale verkemidla fylkeskommunen kan ta i bruk:

- Mykje av det konkrete arbeidet må gjerast i kommunane, og då vert slike partnarskap viktige. Ikkje berre for å rettleie kommunane, men også for å oppmode til samarbeid mellom kommunar som kanskje ikkje har så store ressursar til dette sjølve.

Henriksen fortel at det så langt er inngått avtalar med elleve kommunar der dei forpliktar seg til å arbeide for å fremje folkehelsa.

- Mange fleire er i prosess, og vi kjem til å nå målet om avtalar med alle kommunar innan utgangen av 2012, seier Henriksen.

Fiskesprell og fylkesting

- Vi har også halde ein presentasjon om Fiskesprell, fortel Torgersen.

- Kva er det?

- Eit prosjekt der målsettinga er å spreie god ernæringskunnskap til barnehagane.

Om smårollingane kjem heim frå barnehagen med både mage og klede fulle av makrell i tomat, kan det altså vere bachelorstudentane si forteneste.

Dei har og vore med på møte i Eldrerådet, vitja Senter mot incest og seksuelle overgrep og vore innom Fylkestinget.

- Der snakka vi mykje med Hans Otto Robberstad (fylkestingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, journ. anm.), som var særs engasjert både i skulehelsetenesta og tematikken knytt til fråfall frå vidaregåande skule. Han inviterte oss med på utvalsmøte, seier Kirkebirkeland.

- Eldrerådet var også veldig kjekt. Det var lærerikt å høyre deira synspunkt og meiningar omkring folkehelsearbeidet. Dei har masse livserfaring og er ein ressurs på området.

Handsama søknader

Den siste dagen i fylkeskommunen vart brukt på å handsame søknader om tilskot til folkehelsearbeid frå kommunar og frivillige organisasjonar.

- Det er då det vert tydeleg at det skulle vore mykje meir pengar til rådvelde, meiner alle.

Dei er og samde om at det vert ekstra viktig å prioritere i tråd med prioriteringane til dei folkevalde.

- Det er folket sine pengar, så vi lyt forvalte dei godt, seier Sigrun.

Tilsett fleire!

På spørsmål om kva råd dei vil gje fylkeskommunen, kjem svaret kjapt og unisont: - Tilsett fleire! Sigrun arbeider allereie for to og ein halv.

Utan at praktikantane kan ta æra for det, vert folkehelsearbeidet i fylket faktisk styrka med ei og ei halv stilling i desse dagar.

Hordaland fylkeskommune takkar for innsatsen og ynskjer alle tre praktikantar lukke til vidare.

Øystein Rygg Haanæs 21.03.2011 14:16
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart